Lærdal: – Det er dumt når folk må ta fri ein heil dag for å gjera ei undersøkjing som eigentleg berre tek fem minutt, seier Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim til Porten.no
Han legg til at det òg er dumt samfunnsøkonomisk sett å senda alle med transport til Førde, heller enn at det kjem èin ambulerande gynekolog til Lærdal visse dagar, slik ordninga hittil har vore.
– Men dei har eit problematisk budsjett, og må leita med lykt etter ting å kutta bort, seier Solheim med referanse til Helse Førde, som skal vedta årsbudsjettet sitt fredag.
Fryktar at mellombels vedtak i røynda vert permanent
– Å missa gynekologitenesta i eitt år er i seg sjølv ille. Og ting som vert tekne vekk slik har ein lei tendens til å ikkje koma tilbake, seier Solheim.
Ordføraren har òg eit konkret døme i frå Lærdal å syna til frå nokre år tilbake.
– Før hadde me ei høyreapparat-teneste i tilknyting til sjukehuset her. Det var ein spesialist her som sjekka høyreapparata til folk. So vart tenesta mellombels kutta, men i røynda forsvann ho for godt.
Solheim seier resultatet vart at mange av dei eldre kvidde seg med å fara heilt til Førde for å vøla eller tilpassa høyreapparatet sitt. Dei gav det då opp og la det i ei skuffe.
– So vart dei sosialt hemja når dei høyrde so dårleg, og vart heller sitjande heime og vera asosiale. So me har sett korleis det kan gå når dei tek vekk «småtilbod», seier Solheim.
Krev at styret i Helse Førde fastset ein dato
Ordførarane i Lærdal og Eid har saman skrive eit brev til Helse Førde, der dei krev at det vert fastlagt ein konkret dato for når gynekolgitenesta skal koma tilbake.
Også sjukehuset i Nordfjordeid skal nemleg missa gynekologitenesta i 2018, jamført planane som Helse Førde har lagt fram.
– Me vil ha dei til å binda seg til ein dato. Dersom dei ikkje gjer eit vedtak på når me skal få tilbodet tilbake, er det i praksis som at det er avskaffa, seier Solheim.
Helse Førde har grunngjeve framlegget med å kutte i gynekologi-teneste for 2018 med at det vil kosta mykje å byggja på sjukehuset i Førde.
Kravet frå Lærdal og Eid kommunar er at datoen for attinnføring av tenesta ikkje må verta sett til ein dag seinare enn fyrste januar 2019.
Ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo, har fortalt til Solheim at eidarane har fått med seg alle grannekommunane i Nordfjord på å støtta kravet. Solheim, på si side, forventar at alle kommunane i Sogn Regionråd sluttar seg til kravet.