MINDRE BOLTREPLASS: Ungar i Sogndal kan få mindre plass å boltre seg på i barnehagen etter at politikarane i Sogndal torsdag vedtok å lempe på krava til arealnorma. Roar Erlandsen i Utdanningsforbundet i Sogndal (innfelt) er kritisk. Biletet er frå Uravegen barnehage i Årdal. Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv.
MINDRE BOLTREPLASS: Ungar i Sogndal kan få mindre plass å boltre seg på i barnehagen etter at politikarane i Sogndal torsdag vedtok å lempe på krava til arealnorma. Roar Erlandsen i Utdanningsforbundet i Sogndal (innfelt) er kritisk. Biletet er frå Uravegen barnehage i Årdal. Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv.

Han fryktar mindre plass vil føre til meir stress i barnehagen

Politikarane i Sogndal opnar motvillig for fleire ungar per kvadratmeter barnehage. Utdanningsforbundet reagerer.

Sogndal: Søkarboom til barnehagane i Sogndal gjer at kommunen slit med å tilby plass til alle som har krav på det. For å løyse knipa har rådmannen difor føreslått å skvise fleire ungar inn i dei allereie eksisterande barnehagane.

For å få det til må kommunen endre sine eigne barnehagevedtekter, frå ei arealnorm som tillet eitt barn under tre år per sjette kvadratmeter barnehage, til det nasjonale minstemålet på eitt barn per 5,3 kvadratmeter.

Det var eit forslag fleire politikarar rynka på nasen over då saka torsdag var oppe i kommunestyret, ikkje minst fordi foreldreutval, tillitsvalde og barnehageleiinga ikkje har blitt spurt til råds i saka.

– Eg likar ikkje at det skal pressast gjennom, utan at dei det vedkjem er med på det, sa Magne Selseng (Sp) frå talarstolen då saka var oppe til debatt.

Les også: Her kjem den nye sentrumsbarnehagen
Les også: Vil ha tre vaksne per avdeling i barnehagane​

Spår auka stressnivå i barnehagen

Utdanningsforbundet i Sogndal er svært kritiske til endringane.

– Store grupper småbarn er uheldig, det viser all forsking i nyare tid. Det kan mellom anna føra til auka stressnivå blant barna, skreiv hovudtillitsvald Roar Erlandsen i ein e-post til kommunestyret og rådmannen i forkant av torsdagens møte.

Rådmannen forklarte då at situasjonen er såpass prekær at dei ikkje har hatt høve til å køyre ein vanleg prosess med høyringar.

Eline Orheim (Ap) tok til orde for ei mellomløysing: å seie ja til å lempe på krava no, mot at rådmannen kjem tilbake med ei ny sak når barnehagedekninga gir rom for det. 

– På lang sikt kan det ikkje vere eit mål at vi skal ligge på det nasjonale minimumskravet, sa ho. 

Rita Navarsete (Frp) tok administrasjonen i forsvar.

TOK SJØLVKRITIKK: Ordførar Jarle Aarvoll tek sjølvkritikk for at det har tatt lang tid å lande ein ny barnehage, noko som fører til at det no er kamp om plassane.
TOK SJØLVKRITIKK: Ordførar Jarle Aarvoll tek sjølvkritikk for at det har tatt lang tid å lande ein ny barnehage, noko som fører til at det no er kamp om plassane.

– I solidaritet med dei som ikkje har fått plass, så tykkjer vi rådmannen har gjort det einaste rette, sa ho.

Fryktar langvarig unntakstilstand

Ordførar Jarle Aarvoll var ein av dei som poengterte at knipa i stor grad skuldast at politikarane har somla med å lande ei plassering for ein ny sentrumsbarnehage.

– Ein del av dette her må me som folkevalde ta ansvar for, sa han.

Bygging av ein ny sentrumsbarnehage i Fosshagen vart vedteken på same møtet, men vil truleg ikkje stå klar før om to år.

Dagen etter kommunestyremøtet er Utdanningsforbundet i Sogndal berre delvis beroliga av kompromissløysinga.

– Det vi har opplevd tidlegare er at midlertidige løysingar har blitt meir eller mindre permanente. For eksempel når det gjeld redusert bemanning i barnehagane, så tok det vel 10-15 år før det vart retta opp igjen. Vi vil i allefall følgje med at det faktisk blir midlertidig, seier hovudtillitsvald Roar Erlandsen.

Til toppen