28 MÅL: Sjå alle måla Kristian Fardal Opseth har skåra denne sesongen, 28 i talet.

VIDEO

Han greidde det! Sjå dei 28 måla som gjer Kristian Fardal Opseth historisk

Ingen har skåra fleire i èin sesong i førstedivisjon. Ingen har skåra fleire mål i èin sesong for Bodø/Glimt. Sjå måla som gjer kaupingen historisk!

Strømmen-Bodø/Glimt: 1-6

Det såg til å bli med eit heiderleg «nesten». Laget hadde skåra fem mål, utan ein viss sogning i målprotokkollen. Men då kampen tikka mot full tid dukka Kristian Fardal Opseth opp på bakerste stolpe.

– Det var ei ekstrem lette og ei vanvittig glede då ballen gjekk i mål. Så ei stor takk til lagkameratane som jobba for at eg skulle få den skåringsrekoren og har gjort det gjennom heile sesongen, seier Fardal Opseth til Porten.no etter kampen.

HISTORISK SKÅRING: Her puttar Kristian Fardal Opseth 6-1 mot Strømmen og passerer med det to legendariske skåringsrekordar.

To rekordar i ein smekk

Ein kort time tidlegare styrte han inn sitt 28. mål for sesongen med pannebrasken. Med det slo han ikkje berre èin, men to legendariske skåringsrekordar.

Ingen andre har skåra fleire i ein sesong sidan 1. divisjon vart èi avdeling i 1997. Den førre rekorden høyrte til Daniel Nannskog, som skåra 27 mål for Stabæk i 2005. 

Ingen har skåra fleire i ein sesong for Bodø/Glimt etter 1977, då klubben byrja å føre ordentlege statistikkar.

– At herr Opseth har skåra 28 mål på 30 kampar, det er beint fram imponerande. Det er berre å ta av seg hatten og gratulera, seier Ivar Morten Normark, mannen som hadde den førre klubbrekorden til Bodø/Glimt.

I 1990 skåra han 27 mål, den gong laget spelte på nivå tre i norsk fotball. Akkurat den detaljen var Normark ikkje klar over, men han hugsar godt sitt første mål på A-lagsnivå.

– Det var i Sogndal, i 1981 meiner eg å hugsa, då eg spelte for Mjølner. Me tapte 1-8 og far til Kristan, han Lasse Opseth, skåra vel fire mål, fortel han.

Trassa skade i rekordjakta

At faren Lasse Opseth sjølv var ein storskårar er ikkje å overdriva. I to periodar for Sogndal, på 80- og 90-talet, skåra han 256 mål på 432 kampar.

– Det er klart eg stolt over kva han har klart til. Det er ein sterk prestasjon, seier han om den historiske bragden til avkomet.

Kampen følgte han på internett. Stemninga var stor då sonen endeleg greidde å få ballen over streken.

– I slike kampar, når det dreier seg om å få det eine målet, så er det ofte vanskeleg å få det. Men han lukkast til slutt, seier Opseth.

Kristian Fardal Opseth seier han sleit med ein skade øvst i låret før kampen. 

– Eg hadde nok ikkje spelt kampen viss ikkje det stod ein rekord på spel. Den sat langt inne, men smakte utruleg godt når han kom, seier Opseth.

I 2008 fekk han beskjed av legen om at han truleg ikkje kunne spele fotball meir. Sjukdomen psoriasisartritt gjorde at han på det verste knapt kom seg ut av senga. Tre år skulle det gå før han kom seg ut på bana att. Sidan har det berre gått èin veg.

Takkar faren for støtta

I dag kom høgdepunktet som toppar dei alle saman.

– Kva hadde du sagt om nokon spådde i 2008 at du om ni år skulle bli tidenes toppskårar i 1. divisjon?

– Då hadde eg trudd på dei sjølvsagt, seier Fardal Opseth, som forståeleg nok slit med å svara alvorleg i adrenalinrusen.

Det same skjer når me spør kva betydning faren har hatt for skåringsteften han har .

– Ingenting, kjem det kontant, før han tek seg saman.

– Han har alltid vore der for meg. Spesielt i skadeperioden gjorde han alt han kunne for at eg skulle bli bra att. Me har alltid konkurrert, som når me spelte fotball i stova. Så gir meg tips innimellom. Av og til høyrer eg etter, andre gonger ikkje, seier Opseth, med ny latter i stemma.

No er han motivert for å visa at han kan greia det same i eliteserien. Han har ikkje bitre kjensler for den manglande tilliten han fekk i Sogndal etter opprykksesongen, men likevel glad for å ha kome til ein klubb der han får brukt styrkene sine. 

– Det er godt å visa at eg har noko å gjera på ei fotballbana. Det gjer godt for sjølvtilliten, seier Opseth.

Toppskårarar i førstedivisjon etter 1997 

  • 2017 - Kristian Fardal Opseth (Bodø/Glimt): 28 mål
  • 2016 - Pontus Engblom (Sandnes Ulf): 26
  • 2015 - Pontus Engblom (Sandnes Ulf) og Robert Stene (Ranheim): 17
  • 2014 - Pål Alexander Kirkevold (Sandefjord): 19
  • 2013 - Jo Sondre Aas (Ranheim): 18
  • 2012 - Martin Wiig (Sarpsborg 08): 20
  • 2011 - Vegard Braaten (Alta): 18
  • 2010 - Marius Helle (Bryne): 17
  • 2009 - Thomas Sørum (Haugesund): 24
  • 2008 - Peter Kovacs (Odd): 22
  • 2007 - Kenneth Kvalheim (Notodden): 23
  • 2006 - Mattias Andersson (strømsgodset): 19
  • 2005 - Daniel Nannskog (Stabæk): 27
  • 2004 - Paul Oyuga (Bryne): 18
  • 2003 - Markus Ringberg (Fredrikstad): 19
  • 2002 - Morten Gamst Pedersen (Tromsø): 18
  • 2001 - Bala Garba (Haugesund) og Marino Rahmberg (Raufoss): 18
  • 2000 - Jostein Flo (Strømsgodset):25
  • 1999 - Anders Blomquist (Haugesund): 16
  • 1998 - Caleb Francis (Bryne): 18
  • 1997 - Espen Musæus (Vålerenga): 16
Til toppen