Han hadde den beste rakfisken

Olav Magne Skårheim fulgte i brorens fotspor og sikra 1. plassen då det var VM i rakfisk på Borgund laurdag.

Borgund: Den årlege rakfiskkonkurransen er blitt svært populær, og i år var det 17 innleverte fiskar som konkurrerte om å ha den beste rakfisken. 

Den var det Olav Magne Skårheim som hadde med fisk han hadde teke i Krekavatnet i slutten av august. I fjor var det broren Torfinn som vann med fisk frå Krekavatnet.

– Dette hadde eg ikkje venta. Eg vart veldig overraska då namnet mitt vart ropt opp som vinnar, seier Olav Magne Skårheim då han vart kåra som vinnar laurdag. 

– Eg trudde nok det var fisk frå Valdres som kom til å vinna i år. Oppskrifta vil eg ikkje ut med, men den er etter bestemor mi frå Valdres, men vanleg godt reinhald under legginga og temperatur er viktig, seier han.

Ikkje i tvil

Den sjølvgjevne statusen verdsmeisterskap i rakfisk er ein konkurranse med lange tradisjonar. I 18 år har dei kåra den beste rakfisken, og ei som har vore dommar i nesten alle desse åra er Brita Einemo Zwart.

– Me var ikkje i tvil. Me veit ikkje kven som leverer inn fisken før vinnaren vert utropt på scena. Me har fått 17 like boksar med rakfisk. Innhaldet i boksane varierer stort, men vinnarfisken utpeikte seg tidleg i bedømminga, seier ho.

Saman med Henry Gram og Kjell Olav Cock er det dei tre som har den smakfulle jobben med å peika ut den beste rakfisken.

Mykje å vurdere

I over to timar på loftet i ungdomshuset på Borgund står dei og smakar. Kommentarane sit laust. «Ikkje god, dette er ikkje rakfisk», «Ikkje galen denne, men fargen er feil» før «Denne er kjempegod, no har me funne finnaren».

Dei tre erfarne dommarane vurderer alt frå smak, farge, utsjåande, lukt og konsistens. Alt tatt med i rekninga, meiner dommmarane at gjennomsnittet er litt lågare enn fjoråret, og Einemo Zwart understrekar at bedømminga må vera hard.

Populært

139 deltakarar heidra Skårheim denne kvelden. Rakfiskfesten er blitt svært så populær, der folk står på venteliste for å vere med og nyte kortreist flatbrød laga på Borgund og mandelpotet frå Lærdal, i tillegg til fisken sjølvsagt.

Toastmaster for kvelden var den kjende NRK-journalisten Kjell Fuglehaug, som mellom anna fekk treffe att ein gamal fiskekompis i Oddmund Einemo, som fekk 5. plass i konkurransen. Dei to var på fisketur saman i høgfjellet på Borgund, der Fuglehaug hadde med seg filmteam frå NRK.

 

Til toppen