SKUFFA: Fint lite vart avslørt om konfliktane i Sogn barnevern og dei åtte mørke åra dei varte. Hovudvernombod Frank Nymark i Sogndal kommune håper meir kjem fram i rapporten.
SKUFFA: Fint lite vart avslørt om konfliktane i Sogn barnevern og dei åtte mørke åra dei varte. Hovudvernombod Frank Nymark i Sogndal kommune håper meir kjem fram i rapporten. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Han hadde håpa på klarare svar om barnevernet

Sogndal: I går la dei to eksterne granskarane i Arbeidsmiljøspesialistane fram rapporten om arbeidskonfliktane som fekk prege Sogn barnevern frå starten i 2008 og fram til 2016. Då var omtrent alle tidlegare leiarar og tilsette skifta ut.

Kritikken sparka i mange retningar og kommunen vart mellom anna skulda for å ha skubba problema framfor seg. Men dei som hadde venta ei saftig historie, med heltar og skurkar, englar og syndebukkar, vart nok skuffa.

– Det var kanskje litt meir vagt enn kva eg hadde håpa på, konstanterer Frank Nymark, hovudvernombod i Sogndal kommune.

EKSTERN GRANSKING: Rapporten som dei eksterne konsulentane Stale Einarsen og Harald Pedersen i Arbeidsmiljøspesialistane presenterte har vore særs etterlengta.
EKSTERN GRANSKING: Rapporten som dei eksterne konsulentane Stale Einarsen og Harald Pedersen i Arbeidsmiljøspesialistane presenterte har vore særs etterlengta. Foto:  Halvor Farsund Storvik

Håper politikarane får rapporten

Under presentasjonen var konsulentane opne om utfordringa med å balansere behovet for openheit, med eit ikkje mindre naudsynt personvern. Medan dei snakka kunne du, viss du studerte ansiktsuttrykka med litt innleving, sjå dei springe mental slalåm mellom alt dei ikkje kunne seie noko om. 

Metaforen dei brukte for å skildre kommunen si handtering av saka var likevel talande nok:

– Det nyttar ikkje å pusse ei tann det er verk i. Det har vi opplevd at kommunen har gjort i denne saka, sa Harald Pedersen då han orienterte kommunestyret om funna i går.

– Det synst eg er ein riktig observasjon, seier hovudvernombod Frank Nymark.

Han registrerte òg at dei to konsulentane framheva at vernetenesta, dei tillitsvalde og arbeidsmiljøutvalet i kommunen burde ha spelt ei viktigare rolle i handteringa av konfliktane.

– Det er godt å høyre, for det er noko vi har prøvd, men ikkje fått til, seier Nymark. 

Bortsett frå dèt tykkjer han det kom fram veldig lite om dei mange konkrete sakene og konfliktane som har vore, men set no sin lit til at rapporten skal avsløre meir.

– Eg håpar det kjem litt tydlegare fram der og at politikarane får hand om den, seier han.

FEKK ORIENTERING: Både kommunestyret og kontrollutvalet i Sogndal kommune var samla då rapporten om barnevernet vart lagt fram. 
FEKK ORIENTERING: Både kommunestyret og kontrollutvalet i Sogndal kommune var samla då rapporten om barnevernet vart lagt fram.  Foto:  Halvor Farsund Storvik

Ordføraren vil ikkje vere «bessevisser»

I går fekk vi vite at rapporten vil bli sendt inn til KS for ei juridisk vurdering. På bakgrunn av den vurderinga vil kontrollutvalet ta stilling til kva deler av rapporten som kan gjerast offentleg.

Deretter vil saka kome opp på vanleg måte i kommunestyret.

Ordførar Jarle Aarvoll seier dei har mykje å lære av funna i rapporten, men tykkjer det er for tidleg å konkludere

– Årsakene til konfliktar er utruleg samansette, det er dei heilt sikkert i denne saka òg. Eg vil ikkje opptre som ein «bessevisser», men eg har tillit til at kontrollutvalet tek saka vidare og handterer ho på ein god måte, seier Aarvoll.

– Men vi skal ikkje bagatellisere problemet, det gjer me ikkje, legg han til.

NØGD: Vibeke Johnsen (SV) følte ho vart klokare etter framlegginga av barnevernsrapporten.
NØGD: Vibeke Johnsen (SV) følte ho vart klokare etter framlegginga av barnevernsrapporten. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Var eigentleg veldig tydeleg

Vibeke Johnsen (SV) er ein av kommunestyrerepresentantane som tykte gårsdagens orientering gav tilfredstillande svar. 

– Det eg høyrte var eigentleg veldig tydeleg, at Sogndal kommune må bli betre på det systematiske systematiske HMS-arbeidet og gjere grundigare undersøkingar når ein får høyre om arbeidsmiljøproblem og får varsel om brot på arbeidsmiljølova. Det har ikkje blitt gjort godt nok i for mange saker i Sogndal og difor har konfliktane blussa opp att, seier ho.

I tillegg tykkjer ho det var godt å få stadfesta at veldig mange av dei tidlegare tilsette og leiarane har fått fortelje historia si, til nokon som har teke ho på alvor.

– Det er ein viktig del av vegen vidare, seier ho.

Til toppen