HÅPAR PÅ JA: 30 år etter at Flåmsvassdraget vart verna håpar ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), på å få ei fullstendig konsekvensutgreiing og eit ja til utbyggjing. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HÅPAR PÅ JA: 30 år etter at Flåmsvassdraget vart verna håpar ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), på å få ei fullstendig konsekvensutgreiing og eit ja til utbyggjing. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Han håpar på Stortings-ja til utgreiing av verna vassdrag

30 år etter at Flåmsvassdraget vart verna håpar ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), på å få ei fullstendig konsekvensutgreiing og eit ja til utbyggjing.

Aurland: Distad har tidlegare gått ut og sagt at han ønskjer utbyggjing av verna vassdrag for å beskytta bygder mot flaum. Då vassdraget vart verna i 1986 heitte det at «vassdraget har svært høg verneverdi i naturfagleg og kulturfagleg samanheng.»

Sjansen for eit ja er no langt større etter at regjeringa opna for vasskraftutbyggjing også i verna vassdrag i energimeldinga som vart lagt fram i vår.

Nye flaumsonekart over Flåm syner at med nedbørsmengda som allereie er og som er forventa i åra som kjem, må det sikrast ytterlegare for å ta vare på liv helse, meiner ordføraren.

– Det me ønskjer sterkt no er at Stortinget seier ja til konsesjonshandsaming slik at ein får ei fullstendig konsekvensutgreiing. Me er heilt klar over at det er eit verna vassdrag med verneverdiar, men dette må balanserast mot samfunnstryggleik og nytten for innbyggjarane i området, seier Distad.

Fare for liv og helse

Argumenta for kraftutbyggjing i verna vassdrag er mellom anna fare for liv og helse.

Artikkelen held fram under biletet.

STORE ØYDELEGGJINGAR: I desember 2014 besøkte Jonas Gahr Støre (Ap) Flåm for å sjå på skadane etter flaumen.
STORE ØYDELEGGJINGAR: I desember 2014 besøkte Jonas Gahr Støre (Ap) Flåm for å sjå på skadane etter flaumen.

– Dersom ein opnar for full utgreiing, vil det også bli ein gjennomgang av verneverdiane. Vårt hovudpoeng er at samfunnstryggleiken må tilleggast stor vekt. Vår dokumentasjon er klar på at liv og helse er i fare, seier ordføraren.

Hausten 2014 vart Flåm hardt råka av flaum. Dei delane av elva som øydeleggjingane var størst er no sikra, men framleis står mange område att som usikra, til dømes den nedre delen av Flåmselvi, der det ligg næringsverdiar til 400 millionar kroner.

Synte fram tankane til stortingsrepresentantar

Tysdag synte ordføraren fram eit utkast av ein rapport til stortingsrepresentantane Bjørn Lødemel (H) og Odd Henriksen (H). Sistnemnde sit også i Energi- og miljøkomiteen. 

Sikringsarbeid har ein høg pris, men dersom kommunen ikkje gjer noko, vil det ikkje vere mogleg å ta i bruk flaumutsette område, og ein vil også sitje att med nedre del av elva som ein risiko.

Artikkelen held fram under biletet.

FORKLARTE: Rådgivar i Aurland kommune, Bjørn Sture Rosenvold, la fram utkastet til rapporten som vise kvifor det er naudsynt med flaumdempande tiltak i Flåm.
FORKLARTE: Rådgivar i Aurland kommune, Bjørn Sture Rosenvold, la fram utkastet til rapporten som vise kvifor det er naudsynt med flaumdempande tiltak i Flåm.

– Eit anna alternativ er å sjå på den øvre delen via Vindedøla og Kjosfossen med magasinet som Bane Energi eig. Under flaumen var magasinet fullt og tappeluka stod open, så den bidrog ikkje til demping. Spørsmålet er om ein kan endre manøvrering av magasinet og tappe det ned på hausten, seier Bjørn Sture Rosenvold i Aurland kommune, som la fram funna i rapporten.

– Det kan ein kombinere med overføring av flaumtoppane frå Vindedøla, som er eit sidevassdrag, ned til Viddalsmagasinet. Eller ein kan overføre direkte frå tappesystemet til Viddalsmagasinet, altså full pakke, fortel han og synte fram grafar som viste at elva ville vore betydeleg mindre dersom dette tiltaket allereie hadde vore på plass.

Kraftinntekter ikkje fokus

Det er «full pakke» ordføraren i Aurland ønskjer seg. Det vil i så fall også gi inntekter til kommunen.

Artikkelen held fram under biletet.

HÅPAR PÅ JA: Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), håpar stortingsrepresentant og medlem i Energi- og miljøkomiteen Odd Henriksen (H) og fleire med han seier ja til ei utgreiing av Flåmsvassdraget slik at ein kan setja inn flaumdempande tiltak.
HÅPAR PÅ JA: Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), håpar stortingsrepresentant og medlem i Energi- og miljøkomiteen Odd Henriksen (H) og fleire med han seier ja til ei utgreiing av Flåmsvassdraget slik at ein kan setja inn flaumdempande tiltak.

– Men dette er ikkje fokus frå Aurland si side. Me er glad i fornybar energi og ser at kraftutbyggjing er positivt, men i dette tilfellet fokuserer me utelukkande på samfunnstryggleik for våre innbyggjarar, seier han. 

I september skal kommunen i møte med Bane Energi, som eig Kjosfossen kraftverk. Nokre dagar seinare skal dei møte konsesjonsavdelinga i NVE og leggje fram tankane.

– At ein får kraftproduksjon, gjer at ein slepp ekstraordinær finansiering av tiltaket. Det ein produserer ekstra, kan finansiere tiltaket. Totalt kan dette bli ei god løysing, avsluttar ordføraren.

Til toppen