HJARTET: Kaffibrennaren er hjartet i produksjonslokalet, som ligg i eit kvitt trehus midt i Sogndal sentrum.
HJARTET: Kaffibrennaren er hjartet i produksjonslokalet, som ligg i eit kvitt trehus midt i Sogndal sentrum. (Halvor Farsund Storvik)

Han har brent kaffi for harde livet i jula

Travle tider for nystarta kaffibrenneri i Sogndal.

Sogndal: I slutten av februar i år var det berre ein idè. Å starta opp det første kaffebrenneriet i fylket i Sogndal. No har Kjetil Russenes for lengst flytta inn i eigne lokale og starta produksjonen. Det har kosta blod, svette og ein kaffitår eller to.

– Mange gongar undervegs har eg tenkt at eg sikkert ikkje hadde byrja med det, viss eg hadde visst kva eg gjekk til. Men eg er godt nøgd og glad for eg gjekk til det, seier han.

Kaffibrenneri i sentrum

POPULÆR: Ikkje uventa vart dette ein salsvinnar før jul.
POPULÆR: Ikkje uventa vart dette ein salsvinnar før jul. Bilde: Halvor Farsund Storvik

Han treng framleis å nå ut til breiare kundegrupper for å få eit stabilt sal gjennom året. Men før jul måtte Kjetil Russenes brenna kaffibønner for harde livet for å ta unna etterspurnaden.

– Det har vore overraskande bra julesal, der har eg undervurdert kor mykje folk har lyst å kjøpa. No går eg sikkert nokre rolege månader i møte, då er det greitt å ha litt å flyta på inn i det nye året, seier kaffigründaren.

I september flytta han inn i nyoppussa lokale midt i Sogndal sentrum, i det kvite huset mellom kulturhuset, politistasjonen og Hofslund hotell.

– Du kjem ikkje så langt ved å stå heime i stova, seier Russenes.

Vurderer kaffibar, men lang veg fram

Når du går inn døra er kaffilukta det første som slår imot deg. Den svarte brennaren står midt i rommet. Det er her han foredlar bønnene til ferdige produkt. Namna på pakkane er alt frå eksotiske Huehuetenango til meir heimlege Sognakrut.

Ved inngangen står den automatiske kverna og striesekker med bønner frå fjerne land ligg på nokre trepallar i eit hjørne. Før jul hadde han ope eit par dagar for å selja til kundar, ellers er det mest produksjon det går i.

– Eg har ikkje utnytta plasseringa her enno. I løpet av neste år får eg sjå om eg kan prøva å gjera noko meir spennande her, seier Russenes og nemner ein mini kaffibar som eit mogleg  alternativ.

Han er likevel rask med å presisere at det ikkje blir lett å få nok folk til å driva det, samstundes som det skal gå rundt med drifta.

– Kanskje eg kan få til noko i sommarmånadane, men det veit eg ikkje enno, seier Russenes.

Til toppen