NØGD: Kommunalsjef for helse og omsorgi Lærdal kommune, Arne Johansen, er nøgd med tilsetjinga. Arkivfoto
NØGD: Kommunalsjef for helse og omsorgi Lærdal kommune, Arne Johansen, er nøgd med tilsetjinga. Arkivfoto (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

Han har fått ein røynd lege med på laget

Geir Berge Øverland er tilsett i 20 prosent stilling for å rettleia nye legar og turnuskandidat ved helsesenteret i Lærdal.

Lærdal: – Det er eit skritt i rett retning for å skapa stabiletet i ein litt utfordrande situasjon, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Lærdal kommune, Arne Johansen til Porten.no.

20 PROSENT: Geir Berge Øverland skal jobba ved helsesenteret i Lærdal i 20 prosent, og er tilsett i første omgang i eitt år. Arkivfoto
20 PROSENT: Geir Berge Øverland skal jobba ved helsesenteret i Lærdal i 20 prosent, og er tilsett i første omgang i eitt år. Arkivfoto

Berge Øverland jobbar til dagleg i Helse Førde ved sjukehusa i Lærdal og Førde, og er spesialist innan urologi. No vil han også jobba ved helsesenteret i Lærdal i 20 prosent, og er tilsett i første omgang i eitt år.

Som Porten.no tidlegare har omtala er legesituasjonen i Lærdal utfordrande ettersom dei to kommunale stillingane som fastlege for tida er fylte av vikarar.

Les også: Utfordrande fastlegesituasjon i Lærdal

 – Me er i ein rekrutteringsprosess og vil forhåpentlegvis kunne få inn unge legar. Difor er det svært bra å ha ein erfaren lege som Berge Øverland til å rettleia. Eg vil også streka under at folk skal vera veldig trygge på at me vil levera gode helsetenester også medan denne prosessen pågår, seier Johansen.

For eit par veker sidan vart det også klart at Hans Johan Breidablikk er tilsett i ei 20 prosent stilling i Lærdal kommune; han skal først og fremst jobba med å etablera kvalitetssystem for å betra arbeidsprosessane.

Les også: Fagdirektør i Helse Førde blir kommuneoverlege her

Til toppen