Årdal: – Ein må vera bestemt og ta nokre val. I år har det handla litt meir om ei spesiell sak enn vanleg for mitt vedkomande, seier Fredrik Kristiansen, klar til å avgje si røyst i Kulturhuset i Øvre Årdal.
Det har også gitt seg utslag i val av parti.
– Det er første gong eg stemmer noko anna enn kva eg «alltid» har gjort.
– Fordi?
– Mykje på grunn av den saka.
– Berre skrik og skrål
Dei andre veljarane Porten.no snakka med i vallokalet høyrdest stort sett ut til å halda seg til same parti «som før».
– Fordi det er veldig mange av dei andre partia det er heilt uaktuelt for meg å røysta på, seier Geir Kjetil Øvstetun.
– Eg er vorten så gamal at eg har rimeleg inngrodde meiningar etter kvart og trur ikkje på valflesket alle partia serverer i valkampen, er Frank Edmund Styve si forklaring.
– Eg tykkjer partiet eg har stemt på før har gjort ein god valkamp, seier Helge Øren.
Kor vidt valkampen generelt har vore god, vankar det ulike meiningar om. Øvstetun er ikkje imponert.
– Det er berre skrik og skrål. I går var den store saka at Ap hadde sendt ut ein SMS der dei oppmoda folk å stemma på dei, og så flyt sosiale medier rundt av alt mogleg frå alle parti. Så det blir mykje fokus på uvesentlege ting.
– Eg har ikkje fulgt så veldig godt med i valkampen. Men valet mitt er sjølvsagt svært gjennomtenkt, humrar Styve.
– Viktig å nytta røysteretten
I Årdal kommune er det vel 4000 røysteføre og teknisk valansvarleg Laila Røneid fortel kring 1000 har førehandsstemt. Om ein går utifrå ei valdeltakting på rundt 70 prosent skulle då i underkant av 2000 gje si røyst i Årdal på valdagen.
– Det er viktig å hugsa valkort og legitimiasjon. Det går utan valkort, og om nokon av oss i personellet som sit ved urnene kjenner og kan gå god for vedkomande, går det utan legitimasjon også. Men kjenner ingen vedkomande, må me avvisa om han eller ho ikkje har legitimasjon med, så det bør ein ikkje gløyma, fortel ho.
Artikkelen held fram under biletet

Begge vallokala i Årdal – i Kulturhuset i Øvre og på rådhuset på Tangen er opne til klokka 20 i kveld. Røneid fortel etter dei to første timane av valdagen at alt går fint så langt.
– Det er ein jamn straum og det er bra.
Helge Øren kjem med følgjande oppmoding.
– Det er veldig viktig å nytta røysteretten. Alle bør nytta den.