HAR LAGA YMSE: Den kvite hjorten som Frode Nilssen har teikna og prenta i verkstaden sin. Men han lagar ikkje berre pyntegjenstandar. Han har òg levert nokre komponentar til den lokale industrien i Årdal.
HAR LAGA YMSE: Den kvite hjorten som Frode Nilssen har teikna og prenta i verkstaden sin. Men han lagar ikkje berre pyntegjenstandar. Han har òg levert nokre komponentar til den lokale industrien i Årdal. ( )

Han har 3D-printa delar til industrien, meiner Årdal bør satsa på teknologien

Årdølen Frode Nilssen driv med 3D-prenting i liten skala heime i kjellaren. Han håpar industrileiarane i bygda torer å satsa på teknologien – før det er for seint. 

Årdal: – Her har me både Hydro, Hydeq, Norsun og Impec samla i same bygda. I mitt hovud er dette den perfekte plassen å driva med 3D-skriving. Det gjeld berre å koma inn på firmasida, og få dei til å ta dette i bruk, seier Frode Nilssen.

I ARBEID: Den eine av dei fire prentarane til Nilssen er i arbeid. På eit vis er 3D-prentarar ein slags robotar, som lagar produkt av forskjellige material, og som mottek instruksar frå datamaskina.  Bilde: Snorre Sandemose 

Årdølen ynskjer å vera med og bidra til at dei store industriverksemdene i Årdal kan spara ressursar ved å nytta seg av 3D-skrivarar. 

Tidlegare i år fortalde Porten.no om prentar-entusiasten, som mottek bestillingar frå heile verda på ting han produserer. Han teiknar tinga i 3D-program på dataen, skriv dei ut i plast på ei av maskinene sine, og sel dei på postordre, framfor alt til USA og Storbritannia.  

I tillegg har han inngått eit lite industrisamarbeid. Hydeq i Årdal har so langt hyra han til å produsera nokre detaljar i tappevognene som dei sel til Hydro. 

I dei siste vognene som er selde til Karmøy, er lyshaldarane til kupélysa prenta i Nilssen sin kjellarverkstad. 

På dashbordet er det mange knappar, og haldarane til desse er òg produserte hjå Nilssen. 

Håpar at industrien i Årdal torer å satsa

Nilssen synest alt ligg til rette for at Årdal bør verta leiande i landet på 3D-teknologien. 

– Eg meiner at alle dei «fire store» i Årdal, Hydro, Hydeq, Impec og Norsun, er verksemder som kan dra nytte av dette. Dei bør vera om seg.

TAPPEVOGN QATALUM 1: Desse tappevognene som HMR Hydeq lagar til Hydro har no lyskolbar i hardt plastmateriale inni førarhusa. Lyskolbane er prenta i 3D-verkstaden heime i huset til årdølen Frode Nilssen.

Han viser til at det er mykje ein laut produsera i metall før som ein kan produsera i plast i dag.

– Plastutviklinga har kome veldig langt. Visse plasttypar er nesten like slitesterke som stål, og mykje billigare å produsera. 

Dessutan er det mogleg å 3D-prenta i metall. Men skulle han sjølv skriva ut produkt i metall, hadde han trengt ein investor på laget. 

– Hydeq, Hydro og Impec samarbeider alt ein god del. Dei kunne investera i 3D-løysingar saman.

Og han meiner at no er det inga tid å mista. 

– Om ikkje me her i Årdal satsar på dette, kjem det nokre andre snart og gjer det, og då er det for seint. Sidan me er ein industrikommune med desse store industriverksemdene, er dette vår sjanse. Dette må me prøva. 

Fagfolk på Hydeq positive so langt

Leiaren for Hydeq i Årdal set pris på at det er nokon i nærmiljøet som sit på denne kompetansen. 

LYSHALDAR: Her er lyshaldaren til kupélyset som skal hengja i taket over hovudet til sjåføren. Plasten er slitesterk, men billigare å produsera enn ein tilsvarande lyshaldar i stål. Nilssen planlegg òg å få prenta dekselet til ein styringsjoystick som er inne i tappevognene. Førebels leitar han etter riktig type plast til det føremålet.   Foto: Frode Nilssen

– Det er spennande at den type teknologi er tilgjengeleg lokalt. Dette med 3D-prenting er sikkert noko som vil koma meir og meir etter kvart som teknologien vert betre. Mellom anna til å laga prototypar og og mindre detaljar, seier Tor Arne Litlere. 

Kjetil Einan har ansvar for hydrolikk og elektrooppbygging på Hydeq.

– Det vesle me har fått brukt Nilssen si prentarstove til har fungert fantastisk. Eg trur me kjem til å bruka han meir.

Einan kjenner førebels ikkje til heile omfanget over kor mykje dei eventuelt skal 3D-skriva i tida frametter. Neste serie med tappevogner som skal leverast, går til Sunndalsøra.

– Me lagar små seriar, alltid spesielt tilpassa leverandøren. Vektmessig og prismessig kjem dei 3D-skrivne plastprodukta bra frå det. Det vil overraska meg om me ikkje kjem til å få 3D-prenta fleire komponentar i plast til tappevognene, seier Einan.

Han fortel at dei har hatt ein tradisjon med å bruka stål på alle detaljar inne i førarhuset, sidan det er ein ressurs dei har disponert over. Men med stål er det utgifter til sveising og lakking, og so veg delane meir enn plast. 

– Til mindre vognene veg, til meir aluminium kan dei frakta. Små bekkar vert ei stor elv, og når me sparar eit halvt kilo her og eit halvt kilo der, so spelar det ei rolle i det store biletet.

Til toppen