SMYKKEKJENDIS: Smykkedesignaren Scott Wilson kjem til Lærdal til helga for å halde ein workshop om mellom anna flugebinding og smykkedesign.
SMYKKEKJENDIS: Smykkedesignaren Scott Wilson kjem til Lærdal til helga for å halde ein workshop om mellom anna flugebinding og smykkedesign. (Bilde: Typisk Lærdal)

Han har laga smykker til Madonna. Kjem til Lærdal for å bli inspirert av laksefluga

Kva har Jean Paul Gaultier, Madonna, Kylie Minogue og Nicole Kidman til felles? Svaret kjem til Lærdal neste helg.

Lærdal:  Vakre fiskefluger pirrar ikkje berre laksen. Den britiske smykkedesignaren Scott Wilson har blitt lokka heilt til Lærdal for å gje seg i kast med dei fargerike fiskekrokane. Han ser nærast uavgrensa moglegheiter.

WORKSHOP: Prosjektleiar Siv Støldal håpar workshopen både skal gje inspirasjon til lokale handverksentusiastar og munne ut i kommersielle produkt som er «Typisk Lærdal».
WORKSHOP: Prosjektleiar Siv Støldal håpar workshopen både skal gje inspirasjon til lokale
handverksentusiastar og munne ut i kommersielle produkt som er «Typisk Lærdal».
Foto: Privat

– Det finst eit svært variert utval av materiale som blir nytta til å laga fiskefluger, som igjen gir store moglegheiter for kva me kan utvikla. Materialet spenner frå farga fjør til tråd, metallgarn og pels, seier Wilson i ei pressemelding.

Til helga skal han halde ein workshop, som er open og gratis for alle. Den startar laurdagen, med klassisk flugebinding, og varer i ni dagar. Her vil lokale handverkarar og andre interesserte få lære korleis dei kan utvikle dekorative produkt med utgangspunkt i materiale som er typisk Lærdal.

Wilson er ingen kven som helst. Han jobba med nokre av verdas største aktørar innan mote og design, som Jean Paul Gaultier, Givenchy og Burberry. Wilson har òg hatt prosjekt saman med kjendisar som Madonna, Kylie Minogue og Nicole Kidman.

– Scott er ein svært kjent smykkedesignar i London. Spesialiteten hans er å kombinera uventa materiale saman i smykker og han er spesielt god på finish: det å tilføra det lille ekstra som løftar produktet fleire hakk, seier prosjektleiar Siv Støldal.

Lærdal har stolte flugebindartradisjonar, slik sett burde eit slikt kursopplegg ha gode sjansar til å fenge. Det kan kjendisdesignaren sjølv stadfeste.

– Workshopen har allereie fanga interesse frå lokale handverksgrupper og entusiastar, flugefiskarar, ein glasblåsar, ein smed og ein treskjèrar, mellom anna, seier Wilson.

Til toppen