NORGES ELDSTE: Walaker Hotell i Luster er det eldste i landet, no også det tredje beste. Foto: Pressefoto.
NORGES ELDSTE: Walaker Hotell i Luster er det eldste i landet, no også det tredje beste. Foto: Pressefoto.

Han har Norges tredje mest nøgde hotellgjester

Walaker hotell i Solvorn tronar høgt på prestisjetung liste. – Det er veldig stort og vi er ufatteleg glade, seier hotellsjefen.

Solvorn: Lista er utarbeida av nettsida Trivago og er basert på dei samla gjestevurderingane frå store reisenettsider som Booking.com, Hotels.com, Tripadvisor og Facebook.

HISTORISK INTERIØR: At hotellet er fleire hundre år gamalt ser du att i stilen på møbel og interiør, òg på romma.
HISTORISK INTERIØR: At hotellet er fleire hundre år gamalt ser du att i stilen på møbel og interiør, òg på romma.

Walaker Hotell, det eldste hotellet i Norge, er altså nummer tre på lista, bak Hotel Continental og The THIEF i Oslo .

– Det er ufatteleg gjævt at me har dei tredje mest nøgde gjestene i landet, det er flott å kunne vise til dei tilsette. Det har blitt litt tårevåte auge og sånn «wow, vi har faktisk gjort ein god jobb», seier hotellsjef Ole Henrik Nitter Walaker.

Han seier tilbakemeldingar på internett har blitt stadig viktigare i dagens reiselivsbransje. Både for gjestene og hotellet sjølv.

– I dagens verden, med så mange tilbydarar, så er det ein framifrå måte for framtidige gjester å kvalitetssjekke produktet. For oss er det godt å vite til ein kvar tid om det vi gjer er rett eller gale, seier han. 

Med ei slik kåring innser hotellsjefen òg at fallhøgda har blitt større. Difor har han planen klar for neste år. 

– Då må vi bli enno litt betre, slik at dei gjestene som kjem i 2017 opplever at vi overgår deira forventingar, seier han.

Til toppen