LUFTIGE PLANAR: Per Mikkel Dalsbotten (biletet) og Atle Terum har spennande planar på gang i Flåmsdalen. Der vil dei setje opp ein zipline frå Vatnahalsen og ned til Kårdalen. Foto: Arne Veum/Aurlendingen.
LUFTIGE PLANAR: Per Mikkel Dalsbotten (biletet) og Atle Terum har spennande planar på gang i Flåmsdalen. Der vil dei setje opp ein zipline frå Vatnahalsen og ned til Kårdalen. Foto: Arne Veum/Aurlendingen.

Han har planar om luftig attraksjon i Flåmsdalen

Pål Mikkel Dalsbotten og Atle Terum er i ferd med å skipe selskapet Flåm Zipline AS. Planen er å sende folk i kabel frå Vatnahalsen til Kårdalen i Flåmsdalen.

Aurland: Aurland og Flåmsdalen kan få ein ny attraksjon allereie neste sommar. Det er Aurlendingen som skriv om dei luftige planane til dei to.

Fell alle brikkene på plass, kan du frå neste år kaste deg ut frå Vatnahalsen og suse nedover mot Kårdalen i 100 kilometer i timen. Prislappen vil ligg på mellom 10 og 12 millionar kroner. 

– Tanken om eit slikt prosjekt har modnast litt over tid og spring ut ifrå at eg har sett slike anlegg andre stader, seier Dalsbotten til Aurlendingen. 

Prosjektet inneberer å trekke ein kabel med helikopter på 1300 meter mellom Vatnahalsen og Kårdalen. Før ein kan gå i gang, trengs det løyver frå mellom anna Luftfartstilsynet. Prosjektet er no i ein søknadsprosess, men både det lokale landbrukskontoret og lokale grunneigarar har gitt tommel opp. 

Aktivitet på naturen sine premiss

Får ein på plass dette, vil ein kunne kople saman Vatnahalsen høgfjellshotell og Kårdalen fellesstøl, der det vil vere ein høgdeskilnad på 300 meter. Inngrepa i naturen vert minimale, ifølgje Dalsbotten.

– Dette vert ein aktivitet på naturen sine premiss, lydlaus og utsleppsfri og mest utan noko form for inngrep i naturen. Tanken er også at anlegget skal byggje oppunder drifta ved Kårdalen fellesstøl. Me har ein del gjestar frå Rallarvegen, men det ligg eit større potensiale i stølsysteriet enn det greier å ta ut.

Ved å kople alt dette saman, kan ein skape ein rundtur for besøkande med togtur til Vatnahalsen/Myrdal, zipline til Kårdalen, fottur til Blomheller haldeplass og retur med tog til Flåm.

Til toppen