Han har skote dei fleste dyra sjølv – opnar dørene til villmarksmuseum

Der vi andre har fotoalbum, har Per Steinar Melås eit hus fullt av utstoppa dyr.

Leikanger: – Kvart dyr her har si historie. Og eg har vore med på den historia, seier Per Steinar Melås der han sit i den høgrygga stolen i andreetasje og ser utover samlinga.

Her er 151 dyr frå alle verdsdelar, men meir skal det bli: ein elefant, ein sebra og ein bøffel er på veg. Dei fleste har helsegründaren frå Leikanger skote sjølv.

– Eg likar eigentleg ikkje å trykka på avtrekkaren og vita at eit dyr blir drept. Det er totalopplevinga av jakt som er interessant. Det er ikkje berre det å gå ut og skyta eit dyr. Det tiltalar ikkje meg, då er det slakting. Men jakt er spaning og opplevingar, eit møte mellom menneske og dyr, der mennesket har sitt våpen og dyret har sine sansar. I nitti prosent av tilfella så vinn dyret, seier Melås.

Les også: Helsegründer vil lokke folk til gards med krokodiller og elefantar

Sjå video frå opningsdagen:

Skummelt møte

For to år sidan i Namibia. Per Steinar Melås står ansikt til ansikt med ein diger elefant på tjue meters avstand. Han har nettopp blitt fortalt at to personar har blitt drept i det same området. Elefanten blafrar med øyrene.

– Det er liksom signalet, «trekk deg unna, ellers så kjem eg». Men eg står fast i ei hengemyr, med vassliljer rundt beina, og greier ikkje å lea meg, fortel Melås. 

Når han løftar rifla veit han at det første skotet må sitte hundre prosent, viss ikkje er han ferdig.  

– Då får du seia at flaksen var betre enn vitet.

Du kan peike på nesten kva som helst av dei utstoppa dyra, så hugsar Melås korleis jakta var.

Medan han dreg linjene frå ulvedebatten i Norge, til problemet med overskot av elefant i Botswana, blir intervjuet avbrote av ein eldre kar. Han vil vite kor tung den elgen på veggen der var, 300-400 kilo?

– Å, mykje meir. Han var 900 kilo. Ja da. Og den reinen der oppe var 250 kilo, forklarer Melås.

– Har ikkje dårleg samvit viss eg skyt ei antilope

I helga opna han dørene til det nybygde villmarksmuseet heime på garden, eit praktbygg som òg inneheld eit mikrobryggeri, ein bruktbutikk, eit bakstekjøken og eit kontor for villmarkopplevingar.

Fleire hundre menneske var innom. Dei fleste lot seg forbløffe over mangfaldet og den gjennomførte stilen.

Enno har ikkje Melås fått negative reaksjonar frå folk som tykkjer det han driv på med er makabert. Men han reknar med det kjem.

– Eg har ikkje dårleg samvit viss eg skyt ei antilope i Afrika. Jo, du tek livet av eit dyr, men tusenvis av dyr mister livet kvar einaste natt. For eksempel: ei løve et berre ferskvare. Me menneske tek ikkje ut mykje samanlikna med det dyra gjer sjølve. Det er mikroskopisk, seier han.

Ved å betale store summar for å jakte på dyra meiner han tvert imot han gjer eit viktig bidrag for å ta vare på dei. Pengane han må ut med går mellom anna til jaktpoliti, som jobbar for å hindre at trua dyr blir skotne ulovleg. 

– Du kan ikkje reisa til Afrika og skyta som du vil. Det blir nøye regulert, seier Melås.

– Me må ta vare på dei dyra me har

Det meste i huset er gjennomtenkt, til dømes blir ingen av dyra framstilt som aggressive. 

– Eg har samla på dyr fordi eg har stor respekt for dei, eg tykkjer dei er veldig vakre. Det er fantastisk å presentera dei på ein skikkeleg måte, ikkje minst i full storleik, slik at me får sjå korleis desse dyra verkeleg er. 

Inngangen til huset er gratis. Melås seier han gler seg over å sjå vaksne og ungar få oppleve ein bjørn på nært hald, få klappe ein leopard, eller stirre ei løve djupt inn i auga.

– Eg håpar folk kan få eit nærare forhold til dyra, få respekt for dei. For me må ta vare på dei dyra me har. Det er for meg veldig viktig, seier Melås.

Til toppen