GOD GRUNN TIL Å SMILA: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, har god grunn til å smila etter at Vegvesenet la fram sin vegrapport onsdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GOD GRUNN TIL Å SMILA: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, har god grunn til å smila etter at Vegvesenet la fram sin vegrapport onsdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Han har størst grunn til å smila etter vegvalet

Jan Geir Solheim og Lærdal blei dei store vinnarane då Statens vegvesen foreslo riksveg 52 som ein av vegane som skal satsast på.

– Eg vart veldig positivt overraska. Eg trudde at me skulle få delar av dette, men at alt gjekk Lærdal sin veg var over all forventing.

Det seier ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim til Porten.no etter Vegvesenet overrekte sin rapport på kva vegar som bør vera hovudveg mellom Oslo og Bergen onsdag.

Solheim hadde invitert ordførarkollegaer frå fleire nabokommunar til å følgje overrekkinga direkte i kommunestyresalen på rådhuset i Lærdal.

SAMLA: Ordførarar frå nabokommunane var samla i Lærdal.
SAMLA: Ordførarar frå nabokommunane var samla i Lærdal.

– Eg har vore på møtene i forkant av dette, og på det siste møtet merka eg litt på stemninga at det var knytt positivitet rundt Hemsedal og bru over Sognefjorden, men eg såg ikkje den klare koplinga med at dei hang i hop, held han fram.

Betyr mykje for Lærdal og Sogn

For Lærdal fekk i både pose og sekk onsdag. For dersom ein går for «oppussing» av riksveg 52 og kombinerer det med ei ny bru til å erstatte ferjesambandet Fodnes-Mannheller, så vil dette gi mest samfunnsøkonomisk nytte. 

– For næringslivet i Sogn vil det bli heilt sikkert å køyra her, og ein slepp ferjesambandet som heile tida har lege der som ein barriere for godt samarbeid for både Årdal, Lærdal og Aurland inn mot eige fylke. 

– For Lærdal betyr det at me ytterlegare forsterkar oss som eit knutepunkt for samferdsel, og så er avstandane ganske store, så dette blir ein naturleg stoppestad, ikkje berre eit vegkryss. Eg trur dette kan føre til vekst i folketal, næringsliv og arbeidsplassar, seier Solheim.

Vang blei taparen

TAPAR OG VINNAR: Vidar Eltun saman med Jan Geir Solheim.
TAPAR OG VINNAR: Vidar Eltun saman med Jan Geir Solheim.

Medan Solheim kunne leggja seg med eit smil, var ikkje nyhendene like oppløftande for Vang-ordførar Vidar Eltun, som likevel seier han unnar lærdølene dette etter alt dei har vore gjennom det siste året.

– Men utgangspunktet for E16 er ikkje berre positivt etter som me har hatt stamvegstatus, så viss den blir teken vekk, er ikkje det heldig, seier Eltun til Porten.no.

– Ser ein vekk i frå det, så må ein vera glad for at det blir midlar likevel til E16. Det vart jo lova av ministeren (Ketil Solvik-Olsen jour.anm.), så det er litt todelt.

Kjempar for E16

For trass i at E16 over Filefjell vart vald vekk av Vegvesenet, lova dei at dei påbyrja prosjekta skal fullførast. Difor ser ikkje Eltun heilsvart på situasjonen.

– Ministeren har før sagt at dette med vintertryggleik er utruleg viktig, og det er jo Filefjell det beste dømet på. Når ein er heilt ferdigbygd der oppe, vil vegen vera hundre prosent vintertsikker, og me ligg først i løypa, så E16 kjem til å vera førsteprioritet i mange år framover.

Han fryktar likevel konsekvensane, spesielt med tanke på hyttemarknaden dei prøver å etablere på Filefjell. Men ingenting er sett i stein endo, og til Porten.no og på Facebook varslar han kamp.

«Ja, VG, Valdres er klar til å ta kampen for å kjempe for Stamvegen-Hovudvegen mellom aust og vest. E-16 over Filefjell. 
Me startar med å blåse støv av Stamvegvisa. Stem i!» skriv han og har teksten på songen under.

Klar til kamp

Også Solheim seier dei no skal jobba hardt politisk for å få dette i hamn. 

– No var dei så klare, og det var veldig godt. Og så er det kostnytte og store summar det er snakk om her. E134 var veldig klar, og riksveg 52 var det klaraste med forbindelse med bru. Her har me fått eit dokument som er vanskeleg å angripe fagleg. 

– Me har kjempa mykje, og no skal me kjempa saman med fleire andre kommunar. Eg trur dette går veldig bra.

Til toppen