ØNSKJER STORKOMMUNE: Ottar Norvald Lid frå Sogndal var blant dei som nytta seg av røysteretten i dag. Han meiner ein storkommune i Sogn er det beste alternativet.
ØNSKJER STORKOMMUNE: Ottar Norvald Lid frå Sogndal var blant dei som nytta seg av røysteretten i dag. Han meiner ein storkommune i Sogn er det beste alternativet.

Han har teke sitt val: – Forandring fryder!

I dag går innbyggjarane i Sogn til urnene for å stemme ja eller nei til kommunesamanslåing. Ottar Norvald Lid frå Sogndal er ein av dei som tenkjer stort.

Sogndal: – Eg stemte på den nedste linja, for det største alternativet. Eg meiner Luster bør vera med, det er det mest logiske, seier Lid like etter å ha sleppt konvolutten i urna. 

Det største alternativet betyr at han ønskjer at Sogndal skal gå saman med Balestrand, Leikanger, Vik, Luster, Aurland, Lærdal og Årdal om å verta ein stor sognekommune. Han ser både fordeler og ulemper med ein slik konstellasjon, men meiner mest talar for å tenkje stort.

– Forandring fryder!, konstanterer Lid.

– Viktig val

Rasmus Mo, omdømeleiar i Sogndal Fotball, hadde også teke turen innom stemmelokala.

GLAD I DEMOKRATIET: Rasmus Mo frå Sogndal meiner det er viktig at folk nyttar høvet til å gje politikarane råd om korleis det framtidige kommunekartet bør sjå ut.
GLAD I DEMOKRATIET: Rasmus Mo frå Sogndal meiner det er viktig at folk nyttar høvet til å gje politikarane råd om korleis det framtidige kommunekartet bør sjå ut.

– Kva eg har stemt kan eg kanskje halde for meg sjølv. Men eg har stemt og det er det viktig at vi gjer sjølvsagt, seier han.

Som dei fleste andre hadde han merka seg at det ikkje akkurat var folksamt framfor avlukka på heradshuset i Sogndal. Det slit Mo med å skjøna.

– Eg forstår ikkje heilt folk som ikkje nyttar sine demokratiske rettar. Det å bli invitert til å vere med å bestemme er ein styrke ved vår nasjon og noko me skal hegna om. Då er det ei borgarplikt å ta del i det, tenkjer eg, seier han.

Spent ordførar

Klokka åtte i kveld blir vallokala stengde og stemmene talt opp. Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, er spent på resultatet.

– Dette er ein viktig dag, for det me no skal ta stilling til er store spørsmål. Slik tendensen har vore der det allereie har blitt røysta, så blir det ikkje store endringane. Natta og dagane framover får visa kva endringar det blir her, om det blir nokon, seier Aarvoll.

SPENT: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, er spent på utfallet av folkerøystinga.
SPENT: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, er spent på utfallet av folkerøystinga.

 

Til toppen