HELD FRAM: Fylkestinget har forlenga åremålsstillinga til fylkesrådmannen med to år – fram til og med 31. mars 2020. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
HELD FRAM: Fylkestinget har forlenga åremålsstillinga til fylkesrådmannen med to år – fram til og med 31. mars 2020. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Oskar Andersen)

Han held fram som fylkesrådmann til 2020

Fylkestinget har forlenga åremålsstillinga til fylkesrådmannen med to år – fram til og med 31. mars 2020.

Leikanger: Åremålet til Eriksen gjekk eigentleg ut 9. april 2018, men det er eit samla fylkesting som no har fornya det.

Etter avslutta åremål vil Eriksen få rett til fast stilling i fylkeskommunen. Løns- og arbeidsvilkår for ei eventuell rådgjevarstilling skal avtalast seinare.

Eriksen ser fram til nye år i fylkeskommunen og er glad for tilliten frå fylkestinget.

– Eg tolkar det positivt at vedtaket var samrøystes; det betyr mykje å ha gjennomgåande tillit, seier han.

Til toppen