HELD FRAM: Geir Kjetil Øvstetun held fram i Årdal Fk sitt styre. Foto: arkiv
HELD FRAM: Geir Kjetil Øvstetun held fram i Årdal Fk sitt styre. Foto: arkiv

Han held fram som leiar i Årdal Fotballklubb

Årdal FK sitt styre for 2017 blir identisk med styret frå i fjor. 

Årdal: Kristi Gulbrandsen, Gro Aafedt Bukve, Jan Are Øvstetun, Geir Kjetil Øvstetun og Ørjan Stedje Ylvisåker held fram i Årdal Fk sitt styre i år også.

Einaste styremedlemmene som var på val på årsmøtet, var Kirsti Gulbrandsen og Geir Kjetil Øvstetun. Begge desse tok attval, og eit samrøysta årsmøte applauderte raskt dette.

- Dette blir nok siste runde for meg. Hovudgrunnen for at eg vil forsette i år er at me har eit styre som fungerer veldig godt saman, fortel Geir Kjetil Øvstetun.

Han fortel vidare at utfordringane Årdal FK står ovanfor, er utfordringar som han har lyst å vere med på.

- Hovudutfordringa slik eg ser det er spelarar. Kulla som kjem opp no er færre og i tillegg reiser spelarar for å studere. A-laget er no på ein 18-19 mann, og dette er 2-3 for lite. Alderen er også justert frå 16 til 17 år, og dette gjer at tilgjengelegheita på spelarar blir mindre. Denne utfordringa med å få nok spelarar har eg lyst å vere med på, avsluttar Øvstetun.

Til toppen