Sogndal: Med seg i det nye styret valde årsmøtet Linda Rebni som ny leiarrepresentant, Marion Løvik frå grunnskulen og Gudrun Stenehjem frå barnehagane.

Frå før sit Kari Marie Navarsete frå høgskulen, Roar Erlandsen frå barnehagane og Kari Margrete Fardal frå Sogndal vidaregåande skule som medlemer av styret.
Årsmøtet vedtok elles prioriterte arbeidsmål for dei neste to åra og peikte på tilrettelegging av undervisingstilbod for flyktningar som noko av det viktigaste organisasjonen bør sjå på, opplyser dei i ei pressemelding.