KULTURFEST: 20 år med kultur skal feirast denne månaden. I år er det nemleg 20 år sidan kong Harald opna Norsk Villakssenter og kulturhuset i Lærdal. Leiar for kultur, Magne Grøttebø, inviterer til fest. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KULTURFEST: 20 år med kultur skal feirast denne månaden. I år er det nemleg 20 år sidan kong Harald opna Norsk Villakssenter og kulturhuset i Lærdal. Leiar for kultur, Magne Grøttebø, inviterer til fest. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Han inviterer til feiring av kulturhuset

I år er det 20 år sidan kulturhuset og Villakssenteret opna i Lærdal. Det skal markerast med storstilt fest.

Lærdal: Leiar for kultur, Magne Grøttebø, slår ut med armane og ønskjer alle velkomne til feiringa av kulturhuset seinare denne månaden.

– Kulturhuset med Laksen Café var ein institusjon i Lærdal. Då var dette ein samlingsplass med levande musikk i helgene, onsdagsbufear som lærdølen gjekk mann av huse for å ete god mat, og midt oppi dette var kultursalen i senturm, seier han.

No skal 20 år med festlegheiter feirast skikkeleg med eit fullspekka program. Mellom anna skal tidlegare rådmann i Lærdal, Lasse Sælthun, og den første direktøren ved Villakssenteret, Finn Krogh, ha eit tilbakeblikk på historia.

Lærdal Næringsutvikling er utfordra til å seie noko om huset si framtid i Lærdal, og så vert det noregspremiere på filmen «Som ein reiar så ligg ein», regissert av lærdølen Alexander Einemo Zwart og spelt inn i Lærdal.

– Alt dette vert igjen krydra av lokalmusikk. Då brukar eg heilt bevisst folk som har hatt ei tilknytning til huset, folk som kanskje spelte sine første arrangement her. Då kunne eg hatt med mange, men sidan me fekk filmen, må ein prøve og sørge for at programmet ikkje vert for langt, smiler Grøttebø.

Vart opna av kongen

Norsk Villakssenter og Lærdal kulturhus var opna av sjølvaste kong Harald 1. juli i 1996. Det var Villakssenteret som bygde komplekset, medan kommunen var med på ein ideell halvdel av kultursalen.

Seinare kjøpte Lærdal kulturdelen av det. No husar bygninga alt frå kino til kunstsenter, for ikkje å gløyme musikkstudioet. Den seinare tida har kulturhuset fått meir negativ merksemd med sviktande besøkstal, og i sommar skreiv Porten.no at Lærdal ønskte å trekkje seg ut av Villakssenteret.

– Kunstsenteret får på folkemunne skulda for økonomien til kommunen, men slik er det slett ikkje, seier Grøttebø og dreg fram kinoen, som «går som det susar».

Høgdepunkta

Oppturar og nedturar vil det uansett vere mange av gjennom 20 år, og når det gjeld det første, dreg Grøttebø fram sine favorittar.

– No er det slik at eg har mange hattar då, seier og smiler.

– Men det som kanskje trekk mest folk er revyane som eg sjølv er med på å skrive. Det trekk fire fulle hus kvar gong og verkar til å vere noko folk ser fram til. Så har me Ungdomens Kulturmønstring. Det er også noko som trekk fullt hus. 

Til toppen