Sogndal: Sogndal kommune er eigar av prosjektet, som er forankra i økonomiplanen til kommunen.
Yngve Hallén leiar styringsgruppa, som består av dei ulike eigarane på Fosshaugane Campus og ein representant får Sogndal idrettslag. I tillegg er det oppretta ei referansegruppe med dei framtidige brukarane, altså idretten og skulane.
– Dei har hatt tre møter og eitt treff og er dei som legg mykje av premissane for korleis dette arbeidet skrir fram, seier Hallèn.
Les også: Desse flyttar inn i innovasjonsbygget
Han seier det meste framleis er på teiknebrettet, men ønskjene i referansegruppa går i retning av ein vanleg idrettshall med handballbane og ein såkalla basishall med rom for diverse turn- og trampolineaktivitetar.
Plasseringa er kokt ned til to alternativ: den eine på kvålesida av sognahallen og den andre mellom ungdomsskulen og idrettshallen, der det i dag går ein veg.
Andre ting som må avklarast i prosjektet er eigarstruktur og økonomi, både til investeringar og seinare drift. Prosjektrapporten blir overlevert i midten av september.
– Då er det opp til kommunen korleis dei vil ta dette vidare, seier Hallèn.