SPRÅK: Jostein Avdem Fretland er dagleg leiar i Fretland & Fretland som held tek ymse oppdrag i utforming av språk og tekst, i all hovudsak nynorsk. Foto: Ole Ramshus Sælthun
SPRÅK: Jostein Avdem Fretland er dagleg leiar i Fretland & Fretland som held tek ymse oppdrag i utforming av språk og tekst, i all hovudsak nynorsk. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Han jobbar for god nynorsk

Når Jostein Avdem Fretland skulle starta ei verksemd med språk som hovudinnhald, ville han nærast følt det som eit svik om språket ikkje var nynorsk.

Lærdal:- Når eg kom heim så var det pappa som føreslo at me kunne laga eit selskap der me samordna litt dei tinga me driv med som har med språk og tekst å gjera, seier Fretland.

"Pappa" er Jan Olav Fretland, dosent innan norsdidaktikk, no programansvarleg for den nye grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. Og han har vore leiar i Noregs Mållag, styremedlem i Språkrådet og medlem i Kringkastingsrådet.

- Nynorsken ligg hjarta nærast

Den unge Fretland har såleis bra med språkleg tyngde å spela på når han er dagleg leiar i Fretland & Fretland, eit firma dei to starta opp då yngstemann flytte heim frå London til Lærdal i fjor sommar

- Me held språkkurs og skal etter kvart ha fleire kurs om går på språk innanfor ulike samfunnsområder. Så skal firmaet vera ein stad der me kan tenkja om språk; slå i hop hovuda våre, kan du seia.

- Det går i nynorsk, då?

- I all hovudsak nynorsk, ja; det er det som ligg hjarta nærast.

- Du kunne no ikkje ha jobba på denne måten med noko anna språk enn nynorsk, skyt kona Mariell Øyre inn.

- Nei, slik i høve samvitet kunne eg vel ikkje det.

Har nyss skrive operatekst

Fretland & Fretland er altså språkkurs og ei slags nynorsk tankesmie. Og ein del til.

- Det skjer ein del språklandskapet. Me har hjelpt til med å utarbeida malar for språkbruksplanar i ein del kommunar og ikkje minst kommunar som no blir samanslegne. Av meir "nede-på-jorda-arbeid" tek me språkvaskar og omsetjing, både for private verlksemder og det offentlege.

- Me har lyst til å sjå mykje god nynorsk, så om lokale verksemder vil at me skal sjå på til dømes heimesida deira, blir ikkje det dyrt. Slike ting er kjapt å sjå over for oss, seier han.

Som Mariell har han mange jern i elden; han er komponist og librettist, det vil seia tekstforfattar til ulike sceneverk. Eit nyleg arbeid han har lagt ned er å forfatta teksten til operaen "Sildagapet" som handlar om sildeeventyret i Måløy på 50-talet.

- Du kan mykje om sild, med andre ord?

- Eg kan i alle fall meir om fiskeripolitikk på tidleg 60-tal enn eg såg føre meg eg skulle kunne.

"Sildagapet" er sett opp på Opera Nordfjord i oktober.

Til toppen