Årdal: –Det er betre å vera fire auge no når me skal leggja denne kabalen, og for å kvalitetssikra arbeidet, seier Nils Solheim, driftsplanleggjarer på sørsida av Sognefjorden for Tide buss.
På kontoret i Årdal arbeider han og bussjåfør i Tide, Per Helge Seielstad, med å leggja kabalen for morgondagens bussruter etter at det har gått ras. Seielstad hadde eigentleg fullført arbeidsdagen, men jobbar overtid i kveld for å sjå på korleis dei lokale bussrutene skal leggjast opp medan Finnsåstunnelen er stengd.
– Det er snakk om mange korrespondansar og koplingar. Me skal freista å få med oss det viktige, og so er det nokre ruter me må setja strek over, seier Solheim.
Han understrekar at folk i Årdal vil kunne koma seg til Oslo både i kveld og i morgon, men ikkje heilt i høve til dei opphavlege rutene.

Korrespondanse austover
I kveld vil det gå ein buss 20.45 frå Årdalstangen og 21.00 frå Øvre Årdal. Han vil ta seg via Tyin-krysset og til Lærdal (Håbakken) og korrespondera med ekspressbussen til Oslo over Hemsedal.
Dei har også fått klarlagt korleis fyrste bussen til Sogndal og Førde i morgon vil gå frå Årdal. Den fyrste bussen vil gå ti over fem om morgonen frå Årdalstangen fredag, halv seks frå Øvre Årdal, og til Sogndal via Tyin. Bussen vil koma til Sogndal åtte om morgonen og vera i Førde klokka ti.
Dei nye framlegga til ruter er sendt til Kringom.no
– Det er fylket som bestemmer korleis rutene skal verta lagde opp, men me gjev dei framlegg til nye ruter, som dei godkjenner. Me har sendt inn alle framlegga våre for fredagen, fortel Solheim.
Det er sjølvsagt ikkje slik at ruteendringane vil verta lagde inn i søkemotoren til Kringom. Men det står nyhendeoppslag med ruteendringane til høgre i mergen når ein går inn på nettsida til transportselskapet.
Berre lokalbussar som går på det vegstykket som vart råka av ras
Vegstykket mellom Fodnes og Årdalstangen vert ikkje trafikkert av noka ekspressbussrute til vanleg, det er berre lokalbussane som går der.
Valdresekspressen startar ruta si på Årdalstangen, og fer via Øvre Årdal og Tyinkrysset til Valdres.
Han er den eine av ekspressane mot aust som lokalrutene mellom Fodnes og Årdalstangen korresponderer med. Den andre er ekspressen frå Lærdal via Hemsedal og til Oslo.