Årdal: – Det er stort det, sjølvsagt, og ærefullt at folk meiner ein gjer ein såpass innsats, seier styreleiar Knut Skår, som har vore engasjert i ulike rollar i organisasjonen i over tjue år.

Måndag vart det kjent at han er blant seks finalistar som kan vinna den nasjonale Frivilligprisen i 2019. Dei seks er valt av ein jury blant fleire hundre kandidatar. Vinnaren vil bli kåra 5. desember, på frivilligdagen.
Skår håpar på siger, men ikkje først og fremst for eigen del:
- Les óg: Her helsar han på kronprinsparet
Reddar liv
– Prisen vil vera eit bevis på det viktige arbeidet Norske Redningshundar gjer. Eg er berre èin, men me er mange som gjer ein stor innsats, seier Skår.
Dei spesialtrena hundane kan ofte vera ein avgjerande ressurs når ein skal finna sakna personar, det kan vera folk som har gått seg ville, eller har blitt tekne i snøras. Nasjonalt tek organisasjonen på seg over 500 oppdrag i året.
– Me bergar nok ein del liv i løpet av året, seier Skår.
Trippel innertiar
Han tør nesten ikkje tenka på kor mange timar han brukar på det frivillige arbeidet i løpet av året. Men nokre tusen timar i året blir det fort, svarer han til slutt.
– Men så er eg litt meir engasjert enn dei fleste og då, seier Skår.
– Kva gjer det verdt all innsatsen?
– Eg brenn for organisasjonen. Det er som eit kinderegg, eg får jobba med hund, eg får vera ute i nauren og gjera ein humanitær innsats. Saman blir det ein fin kombinasjon. I tilllegg er me ein veldig flott kameratflokk, det sosiale betyr mykje óg, seier han.