PUSSAR OPP: Tilbygget til Dampskipkaien i Sogndal, det såkalla sukkerlageret, skal pussast opp. Det er kafèdrivar Kevin Gray glad for.
PUSSAR OPP: Tilbygget til Dampskipkaien i Sogndal, det såkalla sukkerlageret, skal pussast opp. Det er kafèdrivar Kevin Gray glad for. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Han jublar for at Dampskipkaia får ei skikkeleg overhaling

Til no har det berre vore eit lager. No startar jobben med å skapa innhald i sukkerlageret på Dampskipkaia i Sogndal.

Sogndal: – Eg er kjempeglad for det, seier Kevin Gray, som driv kafèen på Dampskipkaien i Sogndal.

Torsdag vedtok politikarane i formannskapet å gje Sogndal Fjell- og Fjordsportsenter 200.000 i lån til å pussa opp det såkalla sukkerlageret, tilbygget til Dampskipkaien i Sogndal.

For kafèdrivaren er det gode nyheiter.

– Når det blir eit ordentlig fjell- og fjordsportsenter, så er det kjempebra for drifta mi, for det skapar endå meir aktivitet, seier han.

MEIR AKTIVITET: I sommar har det blitt starta opp kajakk- og kanoutleige på Dampskipkaien. Målet med oppussinga er å skapa endå meir fjell- og fjordrelatert aktivitet. Foto: Halvor Farsund Storvik

Les òg: Slik vil dei skape eit senter for fjell- og fjordsport i Sogndal

Vil skapa meir aktivitet på kaia

 

– Dette er veldig hyggjeleg, og særs tiltrengde pengar, seier Ingvild Andersen, styreleiar i Sogndal Fjell- og Fjordsportsenter.

Planen i første omgang er å rusta opp sukkerlaget innvendig, måla den siste veggen på ekspedisjonsbygget, samt fiksa nokre takrenner.

– Bygget skal skinna på kaia. Me håpar å få gjort det før den største turiststraumen set inn, seier Andersen.

I tillegg til det estetiske er målet med oppussinga å legga til rette for meir aktivitet i bygget. Det vil bli laga til eit møterom, som skal kunne opnast opp slik at heile sukkerlageret kan bli teke i bruk ved større arrangement, som afterski, føredrag, filmframsyningar. 

– Me tenkjer alltid fleirbruk når me rustar opp lokala, seier Andersen.

VISJON: På sikt er planen å få erstatta murveggen på sukkerlageret med ein glasfasade, og laga til badstu og eit fjordbad. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Har store planar for kaia

På sikt er draumen å få sett inn store glasvindu på fasaden som vender mot fjorden, og laga til eit fjordbad med badstu. 

– Me har teikningar frå arkitektfirma, og jobbar med å få inn prisoverslag. Men det er nok litt fram i tid, seier Andersen.

I andreetasje på ekspedisjonsbygget er målet framleis å få samla aktørane som driv med reiseliv i Sogn

– Håpet er at det skal gje nye samarbeidsmoglegheiter og synergiar på eit område Sogndal allereie er kjent for og gode på. Me har store planar for kaia, seier Andersen.

 
Til toppen