NØGD: Medlem i fylkesutvalet og fylkestinget, Aleksander Øren Heen (Sp), er glad for at pengane til Seimsdalstunnelen no er sikra.
NØGD: Medlem i fylkesutvalet og fylkestinget, Aleksander Øren Heen (Sp), er glad for at pengane til Seimsdalstunnelen no er sikra. (Arkiv)

Han jublar for ein kvart milliard til oppgradering av Seimsdalstunnelen

Samstundes er det klart at fylkesveg 53 Ljoteli skal verta rassikra.

Leikanger/Årdal: På fylkestingsmøtet tysdag vart det vedteke å løyva over ein kvart milliard kroner til å oppgradera Seimsdalstunnelen. Oppgraderingsarbeida startar so vidt i 2019 og skal halda på for fullt det påfylgjande året og fram til dei kjem i mål i 2021.

Aleksander Øren Heen i Sp er nøgd med vedtaket. 

– Me har jobba lenge med å få dette prosjektet inn i fylkesbudsjettet. Me visste det låg i framlegget til budsjett denne gongen og er svært godt nøgde med at det vart vedteke, seier Heen. 

KOM MED I INVESTERINGSPROGRAMMET:
KOM MED I INVESTERINGSPROGRAMMET: Bilde: Facebooksida til A.Ø.Heen

Han poengterer at oppgraderinga av tunnelen vert viktig både for dei største og dei minste trafikantane: 

– I dag er den tunnelen alt for låg (slik at store bilar ikkje kan køyra gjennom) og i tillegg er han farleg for mjuke trafikantar. Etter utbyggjinga vil han verta både sikrare og betre, seier Heen. 

Ljåteli vart den andre gladmeldinga

Oppgraderinga av Seimsdalstunnelen vart berre den eine av to gledesmeldingar for vegnettet i Årdal på fylkestingsmøtet.

Det kom òg fram at det vert løyvd 290 millionar kroner til å rassikra fylkesveg 53 Ljoteli. Ogso denne oppgraderinga vert so vidt påbegynt i 2019, for so å verta fullbyrda i 2021.

I og med at Ljoteli er eit rassikringsprosjekt kjem midlane til dette frå staten. 

– Kva for eit av desse to prosjekta gler du deg mest over at har kome på plass?

– Båe prosjekta er veldig viktige for Årdal. Men oppgraderinga av Seimsdalstunnelen har vore tyngst å få på plass, i og med at fylkeskommunen skal stå for det. Midlane til fylkeskommunen er skrinnare enn dei statlege midlane som er øyremerkte rassikring, fortel Heen. 

Til toppen