LYS FRAMTID: Ivan Øy meiner Endre Kauppi Straumsheim (17) kan bli så god han vil. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
LYS FRAMTID: Ivan Øy meiner Endre Kauppi Straumsheim (17) kan bli så god han vil. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Han kan bli så god han vil

Dette er første sesongen Endre Kauppi Straumsheim verkeleg har fått sjansen for førstelaget til Årdal FK. Den sjansen har han grepe med begge hender.

Laurdag kan 17-åringen få spela kanskje sin livs viktigaste kamp mot Tornado Måløy når Årdal kjempar for å unngå nedrykk.

Dette er første året han er seniorspelar, og utover hausten har han levert fleire gode forestillingar, noko han no haustar ros for. Straumsheim takkar for rosen, men meiner sjølv han kunne gjort det betre.

– For å vera heilt ærleg skulle eg ha scora fleire mål. Det var ei av målsettingane, men eg er nøgd med at eg har klart å spela meg inn på laget. Det var jo eigentleg det som var målsettinga, fortel han til Porten.no.

Ungguten er nettopp ferdig med den siste treningsøkta før sesongavslutninga mot Tornado Måløy, ein kamp han naturlegvis håpar å få starta. 

– Fantastisk type

Berre minuttar før porten.no set seg ned og pratar med han rosar Årdal-trenar Ivan Øy 17-åringen.

– Endre er ein fantastisk type. Det er det ikkje tvil om. Han er heilt enorm å ha med seg i dette miljøet her. Han er ein mann med meiningar så det helde og er ikkje redd for å trykka dei, slik er han i spelestilen også, seier Øy.

Artikkelen held fram under biletet.

MÅLBEVISST: Straumsheim er ein målbevisst type, som her ser motstandar Skarbøvik gå opp i leiinga.
MÅLBEVISST: Straumsheim er ein målbevisst type, som her ser motstandar Skarbøvik gå opp i leiinga.

– Han er oppofrande og køyre på til det er tomt. Han har lært seg å forholda seg til gruppa og korleis dei meiner ting skal gjerast ilag med oss. Det er dei stega han tar no. Før han kom dit var han i ei eiga bobla.

– Når trenarane rosar deg, så gir det jo motivasjon til å fortsetta. Det viser at eg har gjort noko rett då, svarar Straumsheim.

Gode trenarar er viktig

Det er ingen tvil om at dette er ein kar som likar å stikka seg ut, noko han sjølv også seier. Heilt sidan han var 14 har han trent med førstelaget, og han synest Årdal er ein god utviklingsplatform.

– Kva er ein god utviklingsplatform for deg?

– Det er først og fremst gode trenarar med god fagleg kompetanse. Samstundes har du erfarne spelarar som kan ta godt imot deg og gjer deg tips på vegen. Det er jo det som er viktig, seier han.

Samarbeid

Han meiner samarbeid er vegen å gå.

– Sjå på gutelaget me hadde i fjor. Me var det nest beste gutelaget i fylket ved å slå saman Jotun og Årdalstangen sin 97-generasjon. Når me var på to ulike lag, var me to ordinære andredivisjonslag. Det synest eg seier litt om kva som kan skje dersom me samarbeidar litt.

Det er ei erkjend utfordring at stadig fleire av dei aktive fotballspelarane flyttar frå bygda for å studera. Då er det viktig at dei som kjem opp kan ta steget i ein alder som Straumsheim. 

Haldningsproblem

Debatten rundt spelarutvikling er svært populær i Noreg for tida, og noko som har blitt belyst er haldningane til norske spelarar. 17-åringen frå Årdalstangen har klare meiningar.

– Eg meiner det er eit haldningsproblem, der ein har gått fram på feil måte. Enkelte har ikkje møtt på trening utan å seia ifrå. Då byrjar eg å lura eigentleg.

Artikkelen held fram under biletet.

HALDNINGSPROBLEM: Straumsheim meiner unge fotballspelarar i Noreg har eit haldningsproblem når det gjeld trening.
HALDNINGSPROBLEM: Straumsheim meiner unge fotballspelarar i Noreg har eit haldningsproblem når det gjeld trening.

– Kor er respekten? For dei som driv med dette er det jo på frivillig basis, og eg synest det er heilt feil at ein ikkje kan respektera det, seier han og rosar blant anna lagkamerat Marcin Brzykcy, som han meiner er eit godt førebilete når det kjem til haldningar.

Trur ikkje på jantelova

Med dei rette haldningane er det ingen tvil om at ein kan komma eit steg lengre enn andre, og det er nettopp det Straumsheim håpar på. Etter å ha skildra seg sjølv som ein med god innsats, gjennombrotshissig, sterk og rask, svarar han følgjande på spørsmål om jantelova.

– Eg tenkjer ikkje så mykje på jantelova. Eg likar eigentleg å stikka meg litt ut. Eg trur ikkje så mykje på dette med jantelova. 

– Ein må jobba målbevisst, vera med og ha fokus samstundes som ein har det gøy, dersom ein vil lukkast.

Tru på talentet

Øy er ein som har kjend på toppfotballen i Noreg, og han trur den unge eleven hans kan bli så god han vil.

– Det er opp til han sjølv. Viss han vil bli god, så blir han det. Han er typen til å lukkast med å komma dit han eigentleg har lyst. Han har litt spisse albogar, og det er viktig, seier Årdal-trenaren før han fortel kva han meiner må til.

– Det er trening, disiplin og ikkje stoppa å tru på deg sjølv. Og så må ein lytta til kva erfaringar andre har. Det handlar om å ha tru på talentet sitt. 

Vil gå så langt han kan

Det ser det så absolutt ut til at Straumsheim har.

– Akkurat no er eg mest oppteken av å få flest mogleg kampar i 3. divisjon og få litt erfaring der, og deretter byggja vidare på det. Og forhåpentlegvis etter det kan eg få tilbod frå, ja, lat oss seia Sogndal, og så ta det derfrå, smiler han. 

– Målet mitt er å gå så langt som det går an å gå. Eg satsar på å bli så god som forutsetnadene mine tilseier.

Til toppen