STØRST I FYLKET: Henrik Thorsnes Lefdal, fylkesleiar for AUF i Sogn og Fjordane, kan glise breitt etter det blei klart at Arbeidarpartiet vann årets skuleval.
STØRST I FYLKET: Henrik Thorsnes Lefdal, fylkesleiar for AUF i Sogn og Fjordane, kan glise breitt etter det blei klart at Arbeidarpartiet vann årets skuleval. (Foto: Arbeidarpartiet)

Stortingsvalet 2017

Han kan glise – Arbeidarpartiet vann skulevalet i framtidsfylket

Med ein oppslutnad på 26,6 prosent i Sogn og Fjordane er Arbeidarpartiet vinnarane i årets skuleval – også elles i Noreg.

Luster: Det gler Henrik Thorsnes Lefdal i Sogn og Fjordane AUF seg over. Nok ein gong er partiet hans størst blant ungdom i Sogn og Fjordane.

– Høgre stuper frå førre stortingsval, og ungdom i Sogn og Fjordane ønskjer Arbeidarpartiet i regjering og Jonas Gahr Støre som statsminister, seier Thorsnes Lefdal, som kjem frå Luster.

Med ein oppslutnad på 26,6 prosent er Ap størst i framtidsfylket. Det er også ein auke på 3,2 prosent frå skulevalet i 2013. 

– Elevane i Sogn og Fjordane er einig med Arbeidarpartiet i at det er viktigare at alle skal med enn å halde fram i fire nye år med skattekutt til dei aller rikaste i landet. Ungdom ønskjer ei Arbeidarpartileia regjering, som vil ha 3000 fleire lærarar, helsesøster på skulen kvar einaste dag og som vil gi ungdom ein jobb å gå til, seier han og håpar førstegongsveljarane nyttar seg av røysteretten 11. september.

Opptur for raudgrøne Ap-allierte

Ser ein Noreg under eitt, er Ap vinnarane av skulevalet der også, sjølv om dei går tilbake frå førre skuleval. Samstundes gjer både Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Raudt det skarpt.

Arbeidarpartiet endar med ei oppslutning på 27,8 prosent og blir dermed det klart største partiet i landet blant elevane på norske vidaregåande skular. Men valet er likevel ein nedtur for Ap, som går tilbake heile 4 prosentpoeng samanlikna med skulevalet i 2015, då det var kommune- og fylkestingsval i Noreg.

Utviklinga er motsett for Aps raudgrøne allierte. Senterpartiet går fram med 1 prosentpoeng til 6,8 prosent. SV er den store vinnaren i valet. Partiet får ein oppslutnad på 10 prosent, ein framgang på 2,5 prosentpoeng sidan 2015.

Miljøpartiet Dei Grøne står i ro med ein oppslutnad på 6,8 prosent, medan valet er ein opptur for Raudt. Partiet får støtte frå 5,7 prosent, ein framgang på 1 prosentpoeng.

Liten endring på borgarleg side

For dei borgarlege partia er utslaga i skulevalet mindre, men tre av dei fire samarbeidspartia fell. Høgre går tilbake med 1,2 prosentpoeng til 15,1 prosent og er dermed framleis det klart største partiet på borgarleg side.

Framstegspartiet går tilbake 0,3 prosentpoeng og endar på 10,4 prosent oppslutnad.

KrF får støtte frå 3,1 prosent av skuleveljarane, ein tilbakegang på 0,1 prosentpoeng. Venstre veks med 0,9 prosentpoeng og endar på 7,4 prosent.

Andre parti får støtte frå 4,9 prosent av elevane, ein tilbakegang på 1,9 prosentpoeng.

Også Piratpartiet fell kraftig samanlikna med 2015, med 2 prosentpoeng til 2,0 prosent.

I år var nesten alle vidaregåande skular, i alt 392, over heile landet påmeldt til skulevalet. Norsk senter for forskingsdata (NSD) rekna på førehand med at fleire enn 150.000 elevar ville delta.

(©Porten.no/NPK)

Til toppen