LIKAR BLINDT: Alfred Brusegard frå Sogndal viser korleis han brukar Facebook utan å kunne sjå. Måndag var han på Difi på Leikanger for å sette søkelyset på nytten smarttelefonen kan gjere for svaksynte, berre dei får naudsynt opplæring.
LIKAR BLINDT: Alfred Brusegard frå Sogndal viser korleis han brukar Facebook utan å kunne sjå. Måndag var han på Difi på Leikanger for å sette søkelyset på nytten smarttelefonen kan gjere for svaksynte, berre dei får naudsynt opplæring.

Han kan ikkje sjå, men les nyheitene kvar dag

Smartelefonen har snudd opp ned på livet til Alfred Brusegard frå Sogndal. Manglande opplæring gjer at ikkje fleire kan nyte dei same fordelane.

Leikanger/Sogndal: Han er fødd sterkt svaksynt, med åra har det blitt gradvis verre. No kallar han seg blind, men ved hjelp av smart teknologi kan Brusegard gjere ting som før var umoglege.

– Den betyr utruleg mykje, han gir meg enormt med moglegheiter, seier han og løftar opp iPhonen.

Les også: Første julefeiring i «dokkehuset» 

På møterommet på Difi demonstrerer Brusegard korleis han bruker telefonen til å lese avisa, ringe, sende mail og meldingar, sjekke vêret på Yr og kaste vekk tida på Facebook. Kort sagt det folk flest brukar telefonen til. Alt som trengst er å skru på dei rette instillingane, laste ned dei rette appane og lære seg korleis du får telefonen til å lystre.

GOD HJELPAR: Alfred Brusegard jobbar på tenestetorget i Sogndal kommune og har god bruk for mobiltelefonen både i arbeid og i kvardagen. Måndag var han på besøk på Difi for å dele sine erfaringar.
GOD HJELPAR: Alfred Brusegard jobbar på tenestetorget i Sogndal kommune og har god bruk for mobiltelefonen både i arbeid og i kvardagen. Måndag var han på besøk på Difi for å dele sine erfaringar.

Nokre av funksjonane på telefonen grensar til science fiction:

Telefonen sjekkar fargen på skjorta 

– Får eg eit brev, kan eg scanna det og få telefonen til å lesa det opp for meg. Eg kan ta bilete av pengar, så seier han kor mykje det er. Eg kan ta bilete av ei skjorte og han fortel kva farge ho har. Eg kan ta bilete av himmelen og få vite korleis vêret ser ut, ramsar han opp.

– Det som har skjedd dei siste 4-5-6 siste åra har vore så revolusjonerande for meg, at det ikkje går an å tru.

Denne veka er den i året då Blindeforbundet plukkar ut ei sak dei ønskjer å skaffe merksemd rundt. I år er det nettopp opplæring i smartteknologi for synshemma, slik at dei skal kunne møte utfordringane dei står overfor i det digitaliserte samfunnet.

For Alfred Brusegard er unnataket. Dei fleste blinde og svaksynte opplever at kvardagen blir vanskelegare i takt med at menneske bak skrankar blir erstatta med løysingar på nett, fortel Heidi Sårheim, dagleg leiar i Blindeforbundet i Sogn og Fjordane.

Ho meiner problemet er manglande opplæring.

– Kommunane i Sogn har til liks med alle andre kommunar ansvar for å gje blinde og svaksynte opplæring i smart teknologi. Det ligg heimla i lov om vaksenopplæring, så det kan dei ikkje komme seg frå, seier ho.

– Dei erkjenner nok ansvaret, men utfordringa er at dei sjølve ikkje har kompetanse på dette, seier Sårheim og oppfordrar kommunane til anten å lære opp eigne tilsette til å bli undervisarar, eller kjøpe kompetansen andre stader.

ETTERLYSER OPPLÆRING: Heidi Sårheim i Blindeforbundet meiner smarttelefonen er eit fantastisk verktøy for synshemma, men då må kommunane ta ansvaret og sørge for opplæring.
ETTERLYSER OPPLÆRING: Heidi Sårheim i Blindeforbundet meiner smarttelefonen er eit fantastisk verktøy for synshemma, men då må kommunane ta ansvaret og sørge for opplæring.

– Har fått ei heilt anna oversikt

For Brusegard vart løysinga å lære opp seg sjølv.

– Eg har fomla meg fram og lært ein ting om gongen, seier Brusegard, som òg takkar dei yngre medlemmane i familien for å alltid hjelpe når han har stått fast.

– Dei har hjelpt meg masse på veg, seier han.

Før kunne han lese aviser med lupe, men etter kvart som synet svekka seg vart det stadig vanskelegare. Så mykje av motivasjonen til å lære å bruke telefonen har vore ønsket om å halde seg oppdatert. 

– Eg har alltid vore samfunnsengasjert, så for meg å lesa Sogn Avis, Porten.no, VG og andre aviser, det betyr enormt mykje, seier Brusegard. 

– No veit eg meir kva folk driv med og har fått ei heilt anna oversikt over kva som skjer rundt meg, seier han.

– Vinn-vinn for alle partar

Universell utforming er eit krav, òg på nett, men ingenting kjem av seg sjølv. Difi på Leikanger har ei eiga avdeling som har dialog med offentlege og private verksemder og fører tilsyn med nettsidene deira. 

Tilsynet på Leikanger jobbar for at alle skal ha likeverdig tilgang til informasjon, uansett alder, funksjonsevne og utdanningsnivå.

NETTLØYSINGAR FOR ALLE: Malin Rygg leiar avdelinga ved Difi som har ansvaret for at òg digitale løysingar blir universelt utforma.
NETTLØYSINGAR FOR ALLE: Malin Rygg leiar avdelinga ved Difi som har ansvaret for at òg digitale løysingar blir universelt utforma.

Dei har årlege møter med interesseorganisasjonar, som Norges Blindeforbund sentralt, og sette pris på òg å få møte dei lokale representantane her i fylket. 

Målet er at alle skal kunne nytte fordelane med dei digitale løysingane.

– Universell utforming er vinn-vinn for alle partar. Bedriftene får fleire kundar, medan samfunnet tener på at fleire klarer seg utan hjelp, seier Malin Rygg, avdelingsdirektør ved Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi.

Til toppen