NY RÅDMANN: Stig Arne Thune frå UDI er den føreslåtte kandidaten til å verta ny rådmann i Sogndal kommune.
NY RÅDMANN: Stig Arne Thune frå UDI er den føreslåtte kandidaten til å verta ny rådmann i Sogndal kommune. (Kommunikasjonsstaben/UDI)

Han kan verta rådmannen i den nye storkommunen i Sogn

Stig Arne Thune er i dag regiondirektør i Utlendingsdirektoratet. No kan han bli rådmann i nye Sogndal kommune.

Sogndal: Om han får jobben blir bestemt av fellesnemnda i morgon. Thune er den tilrådde kandidaten til rekrutteringutvalet, beståande av ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal (leiar), ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger (nestleiar) og varaordførar Trude Risnes i Leikanger, saman med dei to tillitsvalde Åge Skrede i Akademikarane og Siv Laila Eriksen i Fagforbundet.

Stig Arne Thune bur i Bergen, men er opphavleg frå Solvorn i Luster. Det siste halvanna året har han vore direktør for regionkontor Vest i UDI. Før det var han rådmann i Sund kommune frå 2012 til 2016, fagsjef i Tryg i frå 2008 til 2012 og hadde to stillingar i Fjell kommune i tiåret 1998 til 2008, først som forvaltingsleiar og sosialleiar i åtte år, deretter som spesialrådgjevar for rådmannen i to år.

Det var seks søkarar til jobben. Dei fem andre kandidatane var Thorbjørn Gaarder frå Oslo, Sunil Kumar frå Cartagena, rådmann Jostein Aanestad i Sogndal kommune og Iver Olav Sunnset frå Hurdal.

Tre av desse møtte rekrutteringsutvalet og det eksterne rekrutteringsfirmaet Headvisor for testar og dybdeintervju.

Den nye rådmannen vil verte den øvste administrative leiaren når dagens Balestrand, Leikanger og Sogndal kommunar slår seg saman i 2020. Den nye kommunen vil ha 12.000 innbyggjarar. I tida fram mot samanslåinga vil vedkomande fungera som prosjektleiar for arbeidet.

 

 
Til toppen