TIL SOGNDAL: Journalisten og dokumentarfilmskaparen Erling Borgen. Pressefoto
TIL SOGNDAL: Journalisten og dokumentarfilmskaparen Erling Borgen. Pressefoto

Han kjem til Sogndal Filmfestival

– Undersøkande journalistikk er viktigare enn nokon gong, slår journalisten og dokumentarfilmskaparen Erling Borgen fast. Han gler seg til å møte unge filmskaparar i Sogndal i mars.

Erling Borgen har vore korrespondent for NRK i både Latin-Amerika og Asia. Han har laga over 90 dokumentarfilmar og driv no sitt eige TV-produksjonsselskap. I tillegg er han professor i undersøkande journalistikk ved Høgskolen Innlandet på Lillehammer.

24. mars kjem han til Sogndal Filmfestival for å delta på fagdagen med føredraget «Den viktige dokumentarfilmen».

Vil syne utdrag av filmar

– Eg gler meg enormt til å halde foredrag på Sogndal Filmfestival. Å kommunisere med unge menneske, som jo er neste generasjons filmskaparar og journalistar, er utruleg inspirerande og gjevande, seier Borgen i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Han vil syne utdrag frå fleire av filmane sine, og fortelje korleis dei er planlagde, laga og produserte når han kjem til festivalen. Alle dokumentarane til Borgen er synte på nasjonale TV-stasjonar, og fleire har vore viste i utlandet. Filmane handlar hovudsakeleg om internasjonale spørsmål, og menneskerettar står ofte i sentrum.

Dokumentarar kan redde verda

Borgen har klokkartru på dokumentarfilmen, og meiner han er viktare enn nokon gong.

– Eg meiner at dokumentarfilmar kan forandre verda. I denne umoralens tidsalder, så full av krig, terror og politisk hat, er det viktigare enn nokon gong med undersøkande  journalistikk og dokumentarisme bygd på etikk og sanning, seier Erling Borgen.

Lovar innhaldsrik fagdag

Frå før er det klart at også skodespelar Susanne Boucher frå mellom anna TV2-serien «Frikjent» kjem til Sogndal Filmfestival for å delta på fagdagen, og arrangørane har fleire namn på blokka.

Les også: Frikjent-Helene kjem til Sogndal Filmfestival

– Vi kjem til å presentere fleire kjende namn etter kvart. Og vi kan forsikre om at fagdagen blir både innhaldsrik og underhaldande for alle som kjem – særleg for dei som er litt ekstra interesserte i film, lovar marknadssjef Magnus Førde. 

Sogndal Filmfestival vert arrangert av avgangsklassen i medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule.

Vil ha fleire filmar

Sogndal Filmfestival tek mål av seg til å vise fram det beste av ung, vestlandsk kortfilm og ønskjer seg framleis fleire filmar til konkurransen. Fristen for å sende inn er 23. februar, og aldersgrensa for å sende inn film er 28 år.

 – Du kan melde deg på så mange kategoriar du vil, med så mange filmar du ønskjer, fortel marknadssjef Førde.

Ungdomane lovar også ein kjekk gallakveld for både unge og vaksne 23. mars. Her blir det raud løpar, enkel servering og prisutdeling i mange forskjellige kategoriar for det beste av vestlandsk kortfilm.

Alle priskategoriane finn du på heimesida til Sogndal Filmfestival. Her kan du også sende inn filmane dine.

Til toppen