VITNE TIL SAMARBEID: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem onsdag til Sogndal og Luster.
VITNE TIL SAMARBEID: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem onsdag til Sogndal og Luster. (Foto: Arkiv)

Han kjem til Sogndal for å høyre om unikt barnehagesamarbeid

Høgskulen på Vestlandet ønskjer å samarbeide med kommunen om å utvikle ein «undervisingsbarnehage» i Sogndal. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) er på plass når avtalen blir signert i morgon.

Sogndal: – Her vil me få presentert tankane og ideane våre kring eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og moglegheitene det byr på når me no byggjer ein ny barnehage, seier ordførar Jarle Aarvoll.

Ifølgje invitasjonen skal høgskulen og kommunen onsdag signere ein intensjonsavtale om barnehagesamarbeid. Ordføraren vil førebels ikkje avsløre for mykje om kva denne går ut på, anna enn at «undervisingsbarnehage» er eit stikkord.

KJEKT: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal set pris på å få kunnskapsministeren på besøk midt på sommaren.
KJEKT: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal set pris på å få kunnskapsministeren på besøk midt på sommaren. Foto: Halvor Farsund Storvik

I ei pressemelding frå Høgre i samband med statsrådbesøket går det fram at nye barnehagen er tenkt å vere eit bindeledd mellom praksis,   undervising, forsking og utvikling, der barnehagen vert stilt til rådvelde for Høgskulen på Vestlandet sine utdanningar.

– Dette samarbeidet vil starte no, gå gjennom prosjekteringsfasen og vonleg bli vidareført ved oppstart av drifta av den nye barnehagen. Høgskulen på Vestlandet får høve til å påverke både fysiske rammer og kompetanseprofilen på medarbeidarane som blir tilsette, står det i pressemeldinga.

I tillegg til nyheita om barnehagesamarbeidet, vil ministeren få ein presentasjon frå Fagskulen i Sogn og Fjordane, han vil få høyre om det komande Innovasjonssenteret på Fosshaugane Campus og få status for arbeidet med Vitensenteret på Kaupanger.

– For oss er det viktig at politikarar og besluttarar på alle nivå har eit eigarskap til det som skjer rundt om. Kompetanse og utdanning er svært viktig for Sogndal og regionen. Då er det alltid godt å få presentert det direkte, seier Aarvoll.

Etter besøket i Sogndal går turen vidare til gardsbesøk på Hafslo og bedriftsbesøk i Gaupne, før reisefølget vender tilbake og avsluttar med stand på Sogningen storsenter i Sogndal.

Til toppen