PUNGAR UT: Næringslivet i Sogndal ønskjer å bidra til bygging av ein hangar på flyplassen. Leiar Agnar Holen (innfelt) i Sogndal næringsforening seier målet er å samla inn èin million til bygginga.
PUNGAR UT: Næringslivet i Sogndal ønskjer å bidra til bygging av ein hangar på flyplassen. Leiar Agnar Holen (innfelt) i Sogndal næringsforening seier målet er å samla inn èin million til bygginga. (Montasje: Avinor/Halvor Farsund Storvik)

Næringslivet kjempar for hangar: – Me treng ein flyplass me kan stola på

Næringslivet har starta kronerulling for å sikra at det blir bygd ein flyhangar på Sogndal lufthamn.

Sogndal:  Målet er å samla inn èin million før nyttår.

– Den flyplassen er sabla viktig, og me som utgjer næringslivet er ein flittig brukar. Me må ha ein flyplass me kan stola på, seier Agnar Holen, leiar i Sogndal næringsforening.

Samskipnaden omfattar dei fleste verksemdene i Sogndal kommune.

Les òg: Difor kjempar dei for hangar på flyplassen

– Ikkje trygge på at flyet går

Målet med hangaren er å få betre regularitet på Sogndal lufthamn. Viss det allereie står eit fly klart i hangaren om morgonen, så minkar sjansane for kansellerte avgangar. 

– Viss me skal avgarde på møte eller anna, så torer me ofte ikkje reisa same dag, for me kan ikkje vera trygge på at flyet går. Der vil ein hangar bidra mykje, seier Holen.

Han seier regularitet er like viktig for samarbeidspartnarar, kundar og andre gjester som kjem på besøk til Sogn. 

Hangaren er venta å kosta 7,7 millionar kroner, og er eit spleiselag mellom fylkeskommunen, kommunar og næringsliv i Indre Sogn.

Stor vilje til å bidra

Holen har enno ikkje heilt oversikt over kor mykje dei har fått inn.

– Me er heilt i starten. Me prøver å få inn så mykje me greier før nyttår, slik at hangaren blir mest mogleg privat. Viljen er stor, dette er noko dei fleste verksemdene verkeleg er opptekne av, seier Holen.

Planen er at hangaren skal stå klar til bruk frå 1. januar 2020.

Til toppen