LEGG OPP: Bjørn Helge Riise legg opp som fotballspelar. I staden vil han satsa alt på karriera som trenar. Her frå då han i august signerte med Sogndal fotball i august.
LEGG OPP: Bjørn Helge Riise legg opp som fotballspelar. I staden vil han satsa alt på karriera som trenar. Her frå då han i august signerte med Sogndal fotball i august. (Foto: Sogndal Fotball)

Han kom til Sogndal i august, no legg Bjørn Helge Riise opp

No skal han satsa alt på å oppfylla draumen om å bli fotballtrenar.

Sogndal: Bjørn Helge Riise (35) kom til Sogndal i august, og signerte kontrakt som varte ut 2018. No har han lagt opp som fotballspelar..

– Avgjerda tok eg i jula, men den har lagt der ei stund, eg har tenkt lenge på dette. No er ho tatt, og målet er å få meg jobb som fotballtrenar så raskt som mogleg, for å kunne vidareutvikl meg, sa Bjørn Helge Riise til VG, som først melde om hendinga.

Vil bli fotballtrenar

35-åringen seier til avisa at han har oppnådd alt han ønskja i karriera som fotballspelar og vil satsa på karriere som trenar. 

– Jeg klarte alle dei måla eg sette meg – tidleg, og det er eg stolt av. Debuten i belgisk fotball som 19-åring, tida i Lillestrøm, debuten på A-landslaget – og i Premier League med Fulham, der eg fekk spele med og mot eliten i internasjonal fotball, eg fekk bevist at eg duger. Og no er eg klar for eit nytt kapittel i livet mitt, sa han til VG.

Til toppen