BRAUT FARTSGRENSA: Farten var femti km/t over fartsgrenda då mannen vart stoppa av av politiet. Det gjekk som det måtte. Foto: arkiv.
BRAUT FARTSGRENSA: Farten var femti km/t over fartsgrenda då mannen vart stoppa av av politiet. Det gjekk som det måtte. Foto: arkiv. (Foto: arkiv)

Han køyrde i 130 km/t. Så dukka politiet opp i bakspegelen

Mista lappen på flekken.

Øvre Årdal: Ein mann i 30-åra vart i halv seks-tida i dag målt til 130 kilometer i timen i ei 80-sone i Øvre Årdal.

Politiet var på veg til eit anna oppdrag då dei tilfeldigvis havna på bakhjulet til råkøyraren. Farten vart målt over ein lengre distanse.

No blir det opp til politijuristane å fastsette straffa.

– Men han kan forvente seg ei rimeleg stor bot, i tillegg til at han må greie seg utan lappen ei tid, seier Trond Hatlenes ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Florø.

Grensa for å miste lappen i ei 80-sone går ved 116 km/t, medan du må bu deg på fengsel dersom du passerer 136 km/t. Den travle bilisten i Årdal ligg akkurat på grensa til samfunnsstraff.

– Han må i tillegg avlegge ny førarprøve, seier Hatlenes.

Til toppen