FEKK SEG EIN LANG OMVEG HEIM: Magne Johannessen i Tide køyrde den siste rutebussen gjennom tunnelen før raset gjekk.  På veg heim laut han venta tre kvarter i Lærdal på passasjerar, slik at alle som skulle fekk koma seg til Årdal til kvelden. Bussen laut òg køyra over dobbelt so langt som vanleg for å nå Årdal.
FEKK SEG EIN LANG OMVEG HEIM: Magne Johannessen i Tide køyrde den siste rutebussen gjennom tunnelen før raset gjekk. På veg heim laut han venta tre kvarter i Lærdal på passasjerar, slik at alle som skulle fekk koma seg til Årdal til kvelden. Bussen laut òg køyra over dobbelt so langt som vanleg for å nå Årdal. ( Snorre Sandemose)

Han køyrde siste bussen før raset gjekk, og var den fyrste til å informera Tide buss om hendinga

Sjølv fekk han vite om raset frå kona, som var augnevitne. 

Årdal: Magne Johannessen var den siste som køyrde buss gjennom Finnsåstunnelen før raset gjekk ved tunnelutgangen (eller inngangen om du kjem frå Fodnes). Bussen han køyrde til Fodnes gjekk 13.30 frå Årdalstangen. Vel førti minutt etter at bussen hadde kome ut av tunnelen, gjekk raset.

MOGLEG Å SJÅ FRÅ SEIMSDALEN: Oppi høgda i Seimsdalen er det utsyn rett til utgangen av Finnsåstunnelen som er markert på kartet her. Det 70-80 meter breide raset gjekk akkurat her, og sperra av tunnelen fullstendig. 

– Korleis fekk du fyrste gongen høyra om det?

– Det var kona mi som ringde, seier Johannessen og humrar. 

Han var komen til Lærdal då han fekk telefonen.

– Me bur i Seimsdalen, og derifrå ser du rett over fjorden til den tunnelmunningen. So når ho høyrde og såg raset, so ringde ho til meg. 

Ettersom Johannesen visste om raset omtrent samstundes som det skreid ut i fjorden, var det ukjend for dei på Tide-kontoret i Øvre Årdal då han ringde inn til vakttelefonen for å informera. 

Fekk seg ein durabeleg omveg heim

Etter ruta skulle han ha køyrt bussen frå Lærdal sjukehus og til Årdal klokka tre om ettermiddagen torsdag, via Fodnes ferjekai. 

Men denne torsdagen laut turen attende til Årdal improviserast litt. 

TOK GREP MED DET SAME: Det fyrste Nils Solheim gjekk i gong med etter at rasalarmen hadde gått, var å finna ut korleis folk som var på veg inst til Sognefjorden skulle verta skyssa alternativt fram.  Bilde:  Snorre Sandemose

– Me laut ta nokre grep slik at han kunne få med seg ekstra passasjerar frå Sogndal, Oslo og Bergen, seier Nils Solheim driftsplanleggjarer på sørsida av Sognefjorden for Tide buss. 

Difor køyrde bussen 45 minutt seinare frå Lærdal.

Den nye ruta vart det einaste alternativet som finst: Svippturen innom Oppland fylke til Tyinkrysset og so til Årdal derifrå. 

Turen tok ein god halvannan time, fortel Johannessen, slik at reisa vart over dobbelt so lang. 

Ikkje alle passasjerane visste om raset og omvegen som stod for tur

– Korleis reagerte passasjerane då du informerte om raset?

– Folk som bur i området her, dei tek dette på sparket. Det er ikkje nokon som hoppar i taket, for å sei det slik. Me er vande med litt av kvart her i Indre Sogn, sjølv om det ikkje er heilt vanleg at rasa sperrar av heile vegen slik, seier Johannessen. 

Han kan ikkje hugsa at det har rasa so kraftig frå fjella nokon gong medan han har vore ute og køyrt. 

– Men eg har vore ute for mindre ras med steinar, og fått nokre mindre steinar på bussen òg. 

Sjåføren er glad for at det finst alternative vegar til Årdal dersom noko skjer med vegstykket mellom Tangen og Fodnes, slik som no. 

 – Det er veldig viktig å ha ein slik alternativ veg i bakhand, elles hadde me vore heilt avstengde no når ferjene ikkje kan leggja til på Årdalstangen, seier Johannessen.

Til toppen