BETRE TILBOD: Harald Offerdal, ordførar i Balestrand, og kollegaene hans i Leikanger og Sogndal krev eit betre ferjetilbod på ferjesambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes no som dei tre kommunane skal bli til ein. Foto: Halvor Farsund Storvik.
BETRE TILBOD: Harald Offerdal, ordførar i Balestrand, og kollegaene hans i Leikanger og Sogndal krev eit betre ferjetilbod på ferjesambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes no som dei tre kommunane skal bli til ein. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Han krev eit betre ferjetilbod mellom kommunane

Ordførar i Balestrand, Harald Offerdal, og kollegaene i Leikanger og Sogndal vil ha tre ferjer året rundt på ferjesambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes som ein del av ekteskapsløfta.

Balestrand: I desse dagar pågår anbodsprosessen for ferjesambandet. Dagens kontrakt går ut 31. desember 2018 med ein opsjon på eitt år. Førebels er det ikkje bestemt om ein skal nytte seg av opsjonen, så oppstart av neste kontrakt kan bli januar i anten 2019 eller 2020.

Sidan høyringsfristen gjekk ut i januar i år har mykje skjedd. Mellom anna skal kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal tvangssamanslåast. I så fall krev dei eit vesentleg betre ruteopplegg på trekantsambandet.

– Tvangssamanslåinga forsterkar kravet om tre ferjer heile året, seier Balestrand-ordførar Harald Offerdal, som saman med kollega Jon Håkon Odd og Jarle Aarvoll har sendt inn høyringsutspelet.

Vil ha sommarrute heile året

Statens vegvesen har to scenario på bordet. Det eine er at tilbodet er mykje likt dagens, der ein set inn ei ekstra ferje om sommaren, men med nokre korrigeringar som at det er lagt inn anløp til Balestrand om morgonen.

Artikkelen held fram under biletet.

TRE FERJER: Ordførarane ønskjer seg tre ferjer heile året på trekantsambandet mellom Dragsvik, Hella og Vangsnes.
TRE FERJER: Ordførarane ønskjer seg tre ferjer heile året på trekantsambandet mellom Dragsvik, Hella og Vangsnes.

Det andre er at sommarruta med tre ferjer går heile året. Sidan det er politisk vedteke at nye anbod for riksvegferjesamband skal ha krav om nullutsleppsteknologi, er det ikkje utenkeleg med el-ferjer på sambandet. Ei sommarrute heile året gir ferjene betre tid ved kai og er difor betre eigna.

Det er dette siste alternativet ordførarane i den nye storkommunen vil ha.

– Skal Balestrand kunne kopla seg på den nye kommunen, treng me fleire avgangar. Me treng ei treferjeløysing med 30 minuttars avgangar største delen av døgnet og heile året, seier Offerdal.

Innspela vert tatt med i prosessen

Anders Sæternes i ferjeseksjonen til Statens vegvesen seier dei har motteke fleire høyringsinnspel på anbodet som etter kvart skal ut. 

Artikkelen held fram under biletet.

KRAV: Eit betra rutetilbod er berre eitt av fleire krav ordførarane har stilt til kommunalminister Jan Tore Sanner.
KRAV: Eit betra rutetilbod er berre eitt av fleire krav ordførarane har stilt til kommunalminister Jan Tore Sanner.

– Alle høyringsinnspela vert tatt inn i den vidare prosessen. Dette går vidare gjennom Vegdirektoratet og Samferdsledepartementet som fastset dei endelege rammene, seier han.

– Veit ein noko om kor mykje ei ekstra ferje vil koste?

– Det er det ingen som veit før tilboda kjem inn. Det kan vere mange ting som påverkar prislappen. 

Forventningar til regjeringa

Eit betre ferjesamband er eitt av krava som ordførarane la fram i sitt møte med kommunalminister Jan Tore Sanner før påske. Dei reknar med forståing for dette kravet.

– For å få ein rimeleg grad av aksept og forståing for samanslåinga, forventar me difor at regjeringa ser tiltaka sine under eitt og imøtekjem kravet om heilårsruter med stive ferjeavgangar inkludert fleire nattferjer.

– Me vil tru at i det totale bildet vil ekstra kostnader med nattruter bli små når ein likevel må ha tre mannskap i beredskap, skriv mellom anna ordførarane.

Til toppen