LANSERER OMSORGSTILBOD: Arne Johansen i Lærdal kommune håpar nabokommunane seier ja til å bli med på eit interkommunalt samarbeid om eit bu- og omsorgstilbod til personar med psykiske lidingar og atferdsforstyrringar. Planen er å lokalisere senteret i Lærdal.
LANSERER OMSORGSTILBOD: Arne Johansen i Lærdal kommune håpar nabokommunane seier ja til å bli med på eit interkommunalt samarbeid om eit bu- og omsorgstilbod til personar med psykiske lidingar og atferdsforstyrringar. Planen er å lokalisere senteret i Lærdal. (Bilde: Lærdal kommune)

Han lanserer nytt omsorgstilbod som kan ta ned kostnadene til kommunane i Sogn

Indre Sogn kan om få år få eit nytt interkommunalt bu- og omsorgstilbod til personar med psykiske lidingar og atferdsforstyrringar.

Lærdal: Målet er at dette skal betre tilbodet til brukarane og redusera kostnadene for den enkelte kommune, opplyser kommunalsjef for helse og omsorg i Lærdal, Arne Johansen, i ei pressemelding.

Ifølgje han vil psykiske lidingar og atferdsforstyrringar vil bli den største og mest økonomisk krevjande helseutfordringa for kommunane i åra som kjem.

– Med eit interkommunalt samarbeid ynskjer ein å skapa eit stabilt, føreseieleg og fagleg godt tilbod til brukarane, samt føreseielegheit for kommunane om kostnadane knytt til denne brukergruppa. Samstundes kan ein forenkla og betra det faglege samarbeidet med spesialisthelsetenesta, seier Johansen i pressemeldinga.

– Vidare kan eit interkommunalt samarbeid gi ringverknader for alle fagmiljøa i kommunane, ved å bringa dei nærare kvarandre i faglege nettverk og såleis bidra til kompetanseheving i heile regionen.

130 brukarar

Det er kommunane Lærdal, Hemsedal, Aurland, Vik, Høyanger, Leikanger, Sogndal, Luster og Årdal som har deltatt i forstudiet som syner at det er krevjande for desse kommunane å gi eit fagleg forsvarleg tilbod til brukarane med psykisk sjukdom i dag.

Sidan dette er kostnadskrevjande, betyr det at seks av desse ni kommunane kjøper private tenester til psykisk sjuke landstidsbrukarar. Til saman er det om lag 130 brukarar med eit potensielt behov for omfattande kommunale tenester.

– Kartleggjnga viste blant anna at brukarane sitt behov ofte er langt meir omfattande enn tilbodet dei får frå kommunen. Fleire peikar på at tilrådingar frå spesialisthelsetenesta ikkje vert fulgt når brukarar vert utskrevne til kommunane, seier Johansen vidare.

– Fagpersonar i kommunane fortel om eit stort behov for tilrettelagt bemanna butilbod heile døgnet, samt auka behov for kompetanse og personalressursar. Høg slitasje på tilsette fører i dag til stor utskiftning blant tilsette som resulterer i låg stabilitet og føreseielegheit for brukarane.

Lokalisert i Lærdal

Lærdal kommune har vore ein pådrivar i prosjektet og arbeidet med å leggja til rette for psykisk sjuke. Difor vert det tilrådd at eit slikt interkommunalt senter vert lokalisert til Lærdal kommune med ein førebels kapasitet på 20–25 heildøgnsplassar.

– Dersom arbeidet vidare går etter planen, kan eit nytt bu- og omsorgstilbod for psykisk sjuke verta etablert i løpet av få år. Dette føreset at kommunane blir med vidare i forprosjektet. Forprosjektet har fått innvilga midlar frå Fylkesmannen, og kan starta opp så snart kommunane takkar ja til å delta.

Til toppen