VIL SJÅ FJELLSPORTEN BLOMSTRA: Framom vyrdelege diplom som har vortne tildelte Jotun IL opp gjennom åra, kunngjorde Martin Walderhaug til Porten.no at han no har attreist den gamle fjellsportgruppa, og vonar ho vert populær som berre det. (Bilde: Snorre Sandemose)

Han lèt den gamle fjellsportgruppa koma opp att or oska

I over eit tiår har Årdal sakna den gamle fjellsportgruppa. No skal ein ung mann med bergensdialekt blåsa nytt liv i organisert fjellsport i bygda.

Årdal: – Me skal driva aktivitet i bratte område. Til dømes tinderangling i eksponerte, vanskeleg tilgjengelege lende, slik at det vert naudsynt med tausikring. Ein del klatring i låglandet trur eg òg det vert ein del av og so toppturar på ski, seier Martin Walderhaug.

For ei god tid sidan fanst det ei fjellsportgruppe i Årdal, men gruppa har ikkje eksistert på mange år. Men no skipar Walderhaug og ein gjeng fjellsportentusiastar til att ei fjellsportgruppe i bygda. Gruppa vert ei av undergruppene åt Årdal Turlag, lokallag av Den Norske Turistforening (DNT), og vil koma i gang med aktivitet når snøen og skiføret kjem for alvor. 

Gruppa har alt laga til si eiga fjesbokside. All informasjon om aktivitetar og anna vil koma der, seier Walderhaug, og oppmodar folk om å ikkje nøla med å taka kontakt. 

– Eg har sett at folk har drive med fjellsport i mindre grupper. To og to eller tre og tre fer gjerne kringom på ski her i fjella. No vonar eg me får bygd eit synleg miljø som alle som likar fjellsport eller som kunne tenkja seg å driva med fjellsport vil verta ein del av, seier han.

Randoneski

FJELLSPORTGRUPPA EI AV GRUPPENE SOM INNGÅR I ÅRDAL TURLAG: Martin Walderhaug, attmed avtroppande og påtroppande leiar i Årdal Turlag. Fjellsportgruppa er ei av fleire grupper som inngår i Årdal Turlag.
FJELLSPORTGRUPPA EI AV GRUPPENE SOM INNGÅR I ÅRDAL TURLAG: Martin Walderhaug, attmed avtroppande og påtroppande leiar i Årdal Turlag. Fjellsportgruppa er ei av fleire grupper som inngår i Årdal Turlag. Foto: Snorre Sandemose

Ein type skigåing som er i vinden for tida, og som fjellsportgruppa kjem til å gje seg i kast med, er randoneski. Det er ski som ein kan stå på i unnabakke i laussnøen so vel som i preparerte løyper, og som har dei same eigenskapane som slalåmski. Likevel fungerer skia på eit slikt vis at ein kan gå med dei oppetter fjellet og soleis ikkje er prisgjeven fjellheisar. 

– Me er omgjevne av fantastisk natur her og det er utruleg gøy at det er so mange ulike vis å taka høgfjellsnaturen i bruk på, seier Walderhaug.

Han har ikkje budd lenge i Årdal, men det var i årdalstraktene at interessa hans for fjellsport fyrst vart kveikt

Walderhaug er fødd i Bergen og vaks opp der og kom til Årdal på seinsumaren i fjor. Sidan då har han klatra på Moakamben og Tyinosen, sykla til Tusenmeteren, gått til Bøttejuv, padla kajakk på Årdalsfjorden, køyrd på ski frå Bjørnaholten og Austabotntind og isklatra ved Holsbru. Attpåtil har han kita på Tyin (å kita til lands vil seia å stå på ski med ein stor drake knytt til seg, slik at ein nyttar vinden til framdrift).

Interessa hans for fjellsport oppstod då han var ein god del yngre, då far hans tok han med på tur til Hurrungane.

 – Det var mitt fyrste møte med skikkeleg kvasse fjell. Og det var slik eg kom til å vitja Årdal fyrste gongen, Årdal var porten til Jotunheimen.

Far hans stogga bilen i Årdal kvar gong dei skulle til Jotunheimen, for i Årdal åt dei pizza på vegen. Minna om Jotunheimen sette preg på guten, slik at han søkte seg til eit fjellsportmiljø då han vart student.

Tileigna seg kompetanse i studietida

– I studietida kom eg i eit miljø med mange turglade folk og då skaut interessa berre vidare fart. Det var då eg byrja med toppturar på ski. Og so tok eg brevandrings- og fjellklatringskurs og kurs i skredkunne, fortel Walderhaug, som har stor respekt for skredfare.

Han understrekar at skredfare er noko ein alltid lyt vera medviten om når ein ferdast på ski eller er i nærleiken av bratt terreng vintertid. 

– Ein må velja tur etter evne og etter gjeldande snø- og vêrtilhøve, seier Walderhaug.

Til toppen