Aurland: Fredag legg regjeringa fram ein plan for korleis ein skal trygge og skape fleire arbeidsplassar i reiselivet.
– Fjoråret vart nok eit rekordår for reiselivsnæringa i Noreg, med stadig fleire besøkande og vekst i verdiskapinga. Få, om nokon, annan næring kan vise til tilsvarande utvikling i etterspørselen. Det gjer reiselivsnæringa til ein viktig bidragsytar når det gjeld å sikre og skape verdiar og nye arbeidsplassar for framtida, seier næringsminister Monica Mæland (H) i ei pressemelding.
Noralv Distad, ordførar i ein av dei viktigaste reiselivskommunane i fylket, likar den offensive tankegangen frå regjeringa.
– Vekst i reiselivet med fleire arbeidsplassar betyr svært mykje for heile landet, og ikkje minst for Sogn og Fjordane, seier han.
Desentralisert næring
I kommunen hans finn ein den største enkeltattraksjonen i fylket i Flåmsbana, som hadde nesten éin million reisande i 2016. Det var ein vekst på 18 prosent frå året før. Også innanfor overnatting var det vekst i Sogn og Fjordane i 2016 med 8,3 prosent.
– Reiseliv er ei desentralisert næring og betyr svært mykje både for tettstader og mindre bygder. Reiseliv blir meir og meir ei heilårsnæring, dette gjev store moglegheiter til fleire faste jobbar og auke i innbyggjartalet, seier han.
– Stader med mykje reiseliv får òg eit betre servicetilbod til eigne innbyggjarar, mellom anna med butikkar og serveringsstader.
– Noreg med mykje å by på
Reiselivsmeldinga skildrar utviklinga i reiselivet og presenterer regjeringa sin politikk for å legge til rette for eit berekraftig og lønsamt reiseliv.
– Noreg har mykje å by på. Me har flott natur, men òg ein rik kultur. I tillegg har me fantastiske byar me må løfte fram. Det dannar grunnlag for unike og eventyrlege opplevingar i heile landet, og gjennom heile året, seier Mæland.
Nokre av dei viktigaste tiltaka inneberer at regjeringa vil forenkle og redusere omfanget av tilsyn og kontrollar som reiselivet i dag er underlagt, der målet er mindre belastingar for små og store bedrifter.
Lette i formueskatt på hotell
Mange kjente turistattraksjonar opplever stor pågang, som er bra for reiselivet, men påverkar naturen. Pågangen kan gi utfordringar med det å handtere søppel og ikkje minst tryggleik. Regjeringa etablerer derfor ei tilskotssordning for Nasjonale turstier som skal bidra til meir berekraftig bruk.
Regjeringa tar også sikte på i statsbudsjettet for 2018 å foreslå lettar i formuesskatten på hotell og overnattingsstader gjennom å auke verdsettingsrabatten vesentleg.