FYLGJER MED: Olav Haug fylgjer med i det ein hoppar set utfor ovanrennet. Hopp er det aller kjekkaste å fylgje med på av vinteridrettane, synest han.
FYLGJER MED: Olav Haug fylgjer med i det ein hoppar set utfor ovanrennet. Hopp er det aller kjekkaste å fylgje med på av vinteridrettane, synest han. ( )

Han likar olympiaden, og aller best likar han å sjå på skihopp. Sjølv vann han fylkesmeisterkapen i 1952

Olav Torleif Haug har vore ein allsidig idrettsmann, og har drive med forskjellige idrettar, men hopping var det han likte best. 

Årdal: Olav Torleif Haug var ein ivrig skihoppar før, og Porten.no vitja han måndagen, medan fyrsteomgangen av den olympiske lagkonkurransen gjekk føre seg, ein konkurranse Noreg fekk gull i. 

– Hopp, det er moro det, seier Haug.  

Han likar å fylgja med på hopparane i fjernsynet. Det er noko gåtefullt med sporten òg, for somme av dei beste kan brått mista teken, og streva med å verta gode igjen. 

FYLKESMEISTEREN OBSERVERER LEGENDE: Noriaki Kasai hoppar for Japan sitt lag i den olympiske laghoppkonkurransen i Korea. Det gjorde han for 26 år sidan i OL i Albertville òg, og Olav Haug er imponert.  Bilde: Snorre Sandemose

– Dei kjem ikkje att. Dei strevar og strevar, men kjem ikkje att. Det er merkeleg, seier Haug medan han går inn på kjøkenet og hentar ein kaffitermos. 

Han var sjølv ein ivrig skihoppar i ungdomen, og same året som Oslo arrangerte dei olympiske leikane, i 1952, deltok Haug i fylkesmeisterskapen i hopp, og han vart fylkesmeister.

– Kva er det lengste du har hoppa?

– Det er 56 meter i Fardalen, og det er bakken ned. Det er skibakke der oppe i Fardalen, fortel Haug. 

Haug fortel at det verkeleg var eit banebrytande byks han gjorde nedetter bakken den gongen han sette rekorden.

– Me hadde ikkje greie på den luftstraumen me då, den som dei veit å utnytta no med v-stilen. Me fekk ikkje eksperimentera med stilen. Men so var det ein dag eg hoppa på veit du, og dette gjekk so fint. «Og kor verdas namn og rike», tenkte eg, er eg so god? Når eg kom over 40 meter her oppe (i Fardalen), ja då fekk eg ei pute på meg som bar meg ned heile bakken.

IVER: Olav Haug er svært ivrig når han fortel historier. Her fortel han om den gongen han plutseleg hoppa mykje lenger enn han pla i Fardalen, og hoppa bakken ned. Han flaut på luftstraumane.  Bilde: Snorre Sandemose 

Medan Haug fortel om dette luftige svevet, er fyrste omgangen av lagkonkurransen over, og Noreg leiar tevlinga. 

– Dette får du att i kveld to vender, seier Haug, og humrar. – Det er moro om kveldane i fjernsynet no med OL. Såg du dei som hoppa på ski i går kveld? Dei hadde laga nokre dokker og so sende dei av garde dokkene med Noreg og Tyskland påskrive, seier Haug og ler godt. 

Går framleis på ski iblant

Olav Haug fyller 90 år jonsokaftan, og er framleis aktiv mellom anna i gålaget. Inntil nyleg har han sykla. Men for å ikkje risikera helsa, so «yter» han sykkelen no. Det er eit årdalsuttrykk for å leia eller skuva sykkelen. 

Men han har ikkje gjeve seg med å gå på ski. 

– Eg var tre vender på ski i fjor, og eg skal slå den rekorden i år! Ein lyt setja seg slike mål. Og det er bra med snø no, det er kjempeforhold, seier Haug. 

Til toppen