TYDELEG SVAR: Ordførar Jon Håkon Odd meiner det er mange gode grunnar for at senteret i den nye kommunen bør vere i Leikanger. 
TYDELEG SVAR: Ordførar Jon Håkon Odd meiner det er mange gode grunnar for at senteret i den nye kommunen bør vere i Leikanger. 

Han meiner kommunesenteret bør vere i Leikanger

Lokaliseringsdebatten har starta.

Balestrand: Til forskjell frå sine to ordførarkollegaer i Sogndal og Balestrand, er ikkje ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger kommune redd for å tenke høgt om kvar han meiner kommunesenteret til den nye storkommunen bør ligge.

Og ja, det er i heimkommunen Leikanger.

– Eg meiner det er mange gode grunnar. Det eine er det geografiske, det andre er at vi har eit veldig sterkt miljø knytt til offentleg administrasjon. Eg meiner vi kan tene mykje på å samlokalisere kommuneadministrasjonen med det, seier han.

Les også: Her er ordførarane samla før det historiske møtet

Noko av det første arbeidsgruppa til den nye storkommunen skal ta stilling til er kva namn og våpen den nye kommunen skal ha, korleis den politiske organiseringa skal vere og kvar det administrative senteret skal ligge. Arbeidsgruppa skal ha det første møtet den 3. mai.

Ifølgje NRK er innstillinga til rådmennene i dei tre kommunane at kommunesenteret skal vere Sogndal.

Verken ordførar Harald Offerdal i Balestrand eller Jarle Aarvoll i Sogndal vil flagge noko standpunkt i lokaliseringsdebatten enno, i håp om at arbeidsgruppa skal få arbeidsro.

– Av respekt for det arbeidet vil ikkje eg gå ut og seie at det skal verte slik og slik. Då vil me ikkje klara å skapa noko som helst, seier Aarvoll.

– Vi får sjå stemininga i arbeidsgruppa og ta det derifrå, seier Offerdal.

Til toppen