GODT KRAV: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, meiner kravet som bøndene har gitt i årets jordbruksoppgjer er godt. Foto: Sogn og Fjordane Bondelag.
GODT KRAV: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, meiner kravet som bøndene har gitt i årets jordbruksoppgjer er godt. Foto: Sogn og Fjordane Bondelag.

Han meiner kravet frå bøndene er godt

I førre veke leverte landbruket sitt krav til staten, eit krav leiar i Sogn og Fjordane Bondelag meiner er godt.

Sogn og Fjordane: – Dette er eit svært godt krav med tanke på små og mellomstore bruk, seier Anders Felde.

Kravet frå bøndene er på 1450 millionar kroner, der 1150 millionar av desse skal finansierast av budsjettmidlar. Felde meiner dette må til for å treffe dei utfordringane norsk landbruk har.

Kravet vart sendt inn i førre veke, same veke som jordbruksmeldinga vart vedteken i Stortinget. Med det vedtaket i ryggen, er Felde optimistisk. 

– Fleirtalet er tydelege på at ein skal tette inntektsgapet mellom landbruket og andre grupper. Me ser også at dei vil legge til rette for inntektsmoglegheiter for stor og liten i heile landet. Kravet vårt tek omsyn til vedtaket av jordbruksmeldinga på alle måtar, seier han.

– Kravet er også eit målretta løft for vestlandsbonden. I våre område går store areal ut av drift. I tillegg ligg vestlandsbonden bak resten av landet når det gjeld inntektsutvikling. 

Felde meiner kravet er eit signal om at bonden på Vestlandet skal satsast på og viser til at inntekta til mjølkebonden vil bli heva med 13.000 kroner meir enn resten av Sør-Noreg. Det same gjeld for dei hundre vinterfôra sauene, og vidare frukt, bør og grønt.

– Dette kravet er veldig godt. Det svarar på dei utfordringane både det politiske fleirtalet på Stortinget peikar på, og som me sjølve ser internt i landbruket. Det handlar om kva for eit landbruk me vil ha, seier han.

Kva regjeringa svarar på kravet, får ein først svar på 5. mai.

Til toppen