ÅRDAL: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, meiner at når 150 lensmannskontor skal fjernast i Noreg, er kontoret i Årdal eit av dei som bør bestå. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ÅRDAL: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, meiner at når 150 lensmannskontor skal fjernast i Noreg, er kontoret i Årdal eit av dei som bør bestå. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Han meiner lensmannskontoret bør liggje i Årdal

150 lensmannskontor skal fjernast i Noreg. No går «kampen« om kva for kontor som skal bestå.

Årdal: I juni 2015 blei nærpolitireforma vedteken. Målet med reforma er å sikre nærleiken av eit kompetent og effektivt lokalt nærpoliti, der befolkninga bur, og samstundes utvikla gode fagmiljø. 

Omstruktureringskampen går no for fullt. I eit notat som er sendt ut til kommunane, skriv regionlensmann Arne Johannessen at Sogn bør ha tre lensmannskontor i framtida. 

– Vik må bestå og styrkast. Sogndal må vera basen, og i indre Sogn anbefalar eg eitt kontor. Her er den mest naturlege plasseringa Lærdal, men eg er usikker. Det er også gode argument for at Årdal burde ha eit kontor med tanke på folketal og at det er her det er flest saker og utfordringar, seier Johannessen.

BREV: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid (Ap), har sendt brev der han argumenterer for kvifor hans kommune skal ha lensmannskontor.
BREV: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid (Ap), har sendt brev der han argumenterer for kvifor hans kommune skal ha lensmannskontor.

Årdal med flest innbyggjarar

Det er nettopp dette lensmann i Årdal, Magne Knudsen, legg vekt på i sine argument. Også ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) er på bana og har sendt brev til Vest politidistrikt.

– Eg har også sendt eit brev der eg argumenterer for at Årdal er det mest fornuftige med tanke på storleik og mi erfaring av korleis ting har fungert etter 2000 då Lærdalstunnelen opna, seier Knudsen. 

– Me er på bana. Det er no toget går, og det går veldig fort. Plutseleg er det 1. april, og då må ikkje politikarane tru at det er ein aprilsnarr, legg han til.

Lærdal ligg midt mellom

Det som gjer denne saka litt ekstra spesiell, er at lensmennene for alle tre kontora på sørsida av fjorden er årdøler. I tillegg sit både lensmann i Aurland, Knut Arne Klingenberg, og lensmann i Lærdal, Helge Øvstetun, i kommunestyret i Årdal.

FOKUS PÅ ANNA: Lensmann i Lærdal, Helge Øvstetun, vil ikkje at det heile skal koke ned til kor kontoret skal plasserast.
FOKUS PÅ ANNA: Lensmann i Lærdal, Helge Øvstetun, vil ikkje at det heile skal koke ned til kor kontoret skal plasserast.

– Me er gode kollegaer, og blir det eine valt, er det ingen sure miner. Som lensmann kjem eg med politifaglege vinklingar på slike spørsmål. Eg kan seie noko om det politifaglege og kommunepolitiske utan at det er konflikt, men eg ser kva du meiner, seier Øvstetun, som ikkje vil ha for mykje fokus på kor kontoret skal liggja.

– Eg vil ikkje at det skal koke ned til plassering. Reforma handlar om meir enn det, både strukturendring og kompetanseendring. 

Kritisk til reforma – vil ikkje kjempe

Ordføraren i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp), seier han ikkje vil snakka opp eller ned dei andre kommunane, men kjem heller med krass kritikk av reforma.

– Eg vil absolutt ikkje ha nokon kamp. Eg likar ikkje tanken på at det ikkje skal vere politi representert i alle kommunar. Eg vore med i heimevernet, og då det blei flytta, gjorde det noko med beredskapen i Noreg. No gjer dei det same med politiet. 

Solheim har heilt sidan brannen i Lærdal vorten nytta til å tale på konferansar om beredskap.

– Dette har blitt hjartebarnet mitt som politikar. Eg veit at alle tre kommunane har fått testa seg på beredskap, og det er alltid brannfolka som kjem først, og det blir berre verre og verre, så eg håpar det blir politi i både Aurland, Lærdal og Årdal, legg han til. 

Turisttrafikk i Aurland

I Aurland derimot, er dei klare for å ta kampen. Noralv Distad (H), ordførar i kommunen, legg fram følgjande argument.

– Me meiner at Aurland i tillegg til eigne innbyggjarar har svært mange besøkande i turistar og gjennomreisande. Her kan det vere 20 000 menneske innom på éin dag. Det tilseier at det må vere politi tilstades i kommunen, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

TURISME: I Aurland argumenterer ordførar Noralv Distad (H) for at mange besøkande gjer at dei må ha eit lensmannskontor i kommunen.
TURISME: I Aurland argumenterer ordførar Noralv Distad (H) for at mange besøkande gjer at dei må ha eit lensmannskontor i kommunen.

– Når det gjeld responstider og reiseavstand til tenestestad, så er me opptekne av at ein ikkje skal velja kommune ut frå folketal, men faktisk behov for polititenesta, og då kjem turisttrafikk inn. 

Lensmann i Aurland, Knut Arne Klingenberg, som også bur i Årdal, støttar ordføraren. At politi bur i mange lokalsamfunn bidreg til nærleik mellom politi og lensmannsetaten og befolkninga. Det er eit politisk ønske at dette vert vidareført.

– Eg trur ikkje ein kan oppnå den politikken ved å leggja ned to kontor på sørsida av Sognefjorden. Ein vil heller ikkje kunne nå set som er utgangspunktet for reforma med omsyn til beredskap, politi i lokalsamfunna og oppgåveløysing, skriv han i sitt brev til Johannessen.

– Dersom ein ser på avstandar, geografi, framtidig oppgåveløysing, nærpolitireform er aksen på sørsida gitt, nemleg med kontor i Årdal, Aurland, Voss og Bergen. 

Må vurdere kostnader

For Johannessen er valet vanskeleg. Han meiner ein er nøydd til å ha med seg det økonomiske aspektet i saka.

– Lensmannskontoret som blir valt, skal utvidast, og då kan me ikkje konkludere før me veit kostnaden av dette, seier han.

– Betyr det at kostnaden åleine vil avgjere?

– Nei, det vil alltid vera ei totalvurdering, men før eg kjem til endeleg anbefaling, vil eg ha kostnad på bordet. Eg har stor sans for argumenta i Årdal, og så har ein dette med geografi og at Lærdal ligg midt i vaktregionen. Men me kan ikkje berre diskutere struktur. Eg er meir oppteken av korleis me skal løysa oppdraget som politi, svarar Johannessen.

Han legg til at han har tru på å samla politiet fordi ein då kan bruka folk meir effektivt. 

Korleis kartet blir sjåande ut til slutt, vil me få ein indikasjon på allereie 15. oktober når politimeisteren legg fram si innstilling. Kommunane får då seks veker til å svara på innstillinga. Deretter er det Politidirektoratet som avgjer, og då kan kommunane berre klage på prosess. 1. april neste år kan ein setja to strekar under svaret.

Til toppen