AKTIV EIGAR: Rådmann Olve Fossedal vil at kommunen skal bli ein meir aktiv eigar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
AKTIV EIGAR: Rådmann Olve Fossedal vil at kommunen skal bli ein meir aktiv eigar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Han ønskjer at kommunen skal bli ein meir aktiv eigar

Arbeidet med eigarskapsmeldinga til Årdal kommune vert framlagt i slutten av månaden.

Årdal: Den 30. mai kjem meldinga til handsaming i formannskapet før ho skal vidare til kommunestyret i juni. 

Målet med eigarskapsmeldinga er å gjere politikarane i Årdal klar over kva selskap dei eig og kvifor. 

– Og så må dei bevisstgjerast med kva dei ønskjer desse selskapa skal gjere for kommunen, kva rolle dei skal ha og oppgåver dei skal løyse. Vidare skal dei vurdere om me framleis skal vere eigar her, eller om det har skjedd ting som gjer at me skal endre haldningane våre, forklarar rådmann Olve Fossedal. 

Aktiv eigar

Døme på selskap og foretak kommunen har rolle som eigar i er Årdal Energi, Indre Sogn ASVO og SIMAS. 

– Me veit jo kva er eigar og deleigar i og har kontakt med dei ulike selskapa til faste tider, men ofte er det når det gjeld rekneskap, årsmelding og val til styre. Det er ei passiv haldning, medan eg ønskjer at me skal vere meir aktive, seier Fossedal.

Han håpar no at meldinga vil auka bevisstheita rundt eigarskap og seier det er opp til politikarane å avgjere kva dei vil.

Handsaming i juni

Etter planen skal saka leggast fram for formannskapet 30. mai, deretter til kommunestyret 15. juni.

– Så får me sjå om ein vert ferdig med det no, eller om me kjem tilbake med saka for å vere meir konkret på kva ein skal gå vidare med, men me får først sjå korleis meldinga blir sjåande ut.

Til toppen