PRODSENT: Jørgen Asperheim har planta 2300 juletre som forhåpentlegvis vil gjera anskaffelsen mindre problematisk for mange i framtida. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PRODSENT: Jørgen Asperheim har planta 2300 juletre som forhåpentlegvis vil gjera anskaffelsen mindre problematisk for mange i framtida. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Han skal bidra til å sikre deg juletreet neste jul

Jørgen Asperheim er godt i gong med juletreproduksjonen.

For mange årdøler vart anskaffelsen av juletre langt meir problematisk i fjor enn først venta. På grunn av færre seljarar av juletre, vart ikkje heile etterspurnaden dekt. 

Det problemet håpar Jørgen Asperheim at han kan løysa for deg allereie neste jul. Han er godt i gong med planting av juletre på garden i Seimsdalen.

– Tanken er å få til juletreproduksjon som ein del av næringa på bruket. Det er ein del mark som er eigna til det og elles lite eigna til anna bruk fordi det er så bratt. Det er vanskeleg å stella, så det hadde eg tenkt å laga til juletreplanting for at det skal sjå kultivert ut, seier han då Porten.no møtte han på garden.

SMÅ: Det vil framleis ta fem år til før desse trea er klare for sal.
SMÅ: Det vil framleis ta fem år til før desse trea er klare for sal.

Startar salet i 2015

Han står og ser over om lag 2000 små juletre som vart planta i 2013 og 2014, og som om nokre år skal pryda stovene til årdøler som jaktar på julestemning. 

– Men det går nok fem år til før dette er salstre. Når me såg den mangelen som var denne julehelga, så prøver me å få til eit sal allereie, held han fram.

Difor planleggjer han å kjøpa inn tre til jula 2015 og selja vidare. Målet er at med godt samarbeid med andre produsentar av juletre i til dømes Lærdal, så skal dei dekka marknaden i regionen slik at alle får seg eit juletre utan problem til jul.

Juletre av plast

Det er det nok mange som er glade for høyre. Porten.no kjenner til fleire som drog til Lærdal på juletrehogst. Før jul var det berre éin produsent som selde juletre i bygda. Tidlegare har Årdal Fotballklubb stått for ein stor del av salet.

– Me satsar ikkje på sal av juletre dette året, ettersom det ikkje gav noko overskot i fjor. Me brende inne med ein god del tre og har difor vald ikkje å bruka ressursar på dette i år, seier leiar Geir Kjetil Øvstetun til klubbens heimeside.

Ei løysing for mange vart difor juletre av plast blant anna. 

– Du er ikkje redd for at folk er sikra no som mange har plasttre?

– Nei, det er opp til oss å laga fine tre. Det skal vera skikkeleg fasong og den rette sorten. Her på garden vil me tilby norsk gran og fjelledelgran, spesielt sistnemnde. 

Konsept

Og sjølv om det er nokre år fram i tid enno til du kan kjøpe juletre som er produsert på garden til Asperheim, fortel han at når den tid kjem, planleggjer han å laga eit fint konsept rundt dette.

– Det er detaljar som ikkje er skikkeleg gjennomtenkt, men det er klart at når det blir skikkeleg produksjon her på feltet, så må me laga eit konsept rundt det her på tunet, seier han.

– Og me må tilby tre til alle førespurnader, anten me får ein telefon om å bringa, sjølvhogst eller at me står og selger på torget. Det som er ønskeleg for kunden, vil me få til.

Til toppen