GODE TIPS: Jonny Asperheim skal gje deg gode råd og tips for turmoglegheitene i nærområdet. Foto: Privat.
GODE TIPS: Jonny Asperheim skal gje deg gode råd og tips for turmoglegheitene i nærområdet. Foto: Privat.

Han skal gje deg gode turtips

Porten.no ønskjer å gje deg gode tips og råd til turar du kan gå. Og dei finns rett utanfor døra di.

  • Endret

Årdal og Lærdal ligg begge omkransa av vakker natur av den spektakulære sorten. Innbyggjarane har ei utsikt mange berre kan drøyme om.

Og den utsikta kan bli enda vakrare når ein tek på seg turskoa. For du skal ikkje gå meir enn berre ein time før du får sett bygdene og naturen rundt frå ein heilt annan vinkel som er enda meir utruleg enn du trudde.

Få folk ut i naturen

Ein som veit dette er Jonny Asperheim, pensjonist og ivrig turgåar. Sjølv om han ikkje er nokon ungdom lenger, seier han at det ikkje påverkar trongen til å koma seg ut i naturen. Men i tillegg til å gå tur, dokumenterer Asperheim løypa frå start til mål. 

– Eg er ein av dei som brukt naturen rundt Årdal altfor lite. Eg kjenner til folk som aldri har vore på Moakamben. Det må me få orden på, seier redaktør i Porten.no Truls Grane Sylvarnes.

Kommunane er omgitt av vakker natur, og er det noko alle snakkar om, så er det at me må visa fram dette til turistar og få folk til å besøka stadane.

– Kommunane er omgitt av vakker natur, og er det noko alle snakkar om, så er det at me må visa fram dette til turistar og få folk til å besøka stadane. I og med at Årdal kommune har sagt dei skal satse meir på reiseliv dei neste fire åra, medan Lærdal allereie er eit attraktivt turistmål, håpar eg på ein dobbel effekt; at dette kan bidra til å marknadsføra dei to kommunane, og at fleire av innbyggjarane kjem seg over dørkarmen og ut i naturen. 

– Dessutan ønskjer Porten.no å bidra til ein sunnare livsstil. Det er også bakgrunnen til at me kontakta Vibeke Vigdal Øren som driv eigen trenings- og kosthaldsblogg.

Eit liv i naturen

Desse rapportane skal Asperheim no publisere på Porten.no i ei fast spalte kalla «Helgaturen» som vil koma ut på fredagar. Asperheim fortel om eit heilt liv ute i naturen.

Her var det aldri snakk om dårleg vêr. Ut måtte me i all slags vêr.

– Det byrja med slalomski i gamle heisen på Tyin på 60-talet. Då eg møtte kona mi, Karin, vart det meir turski. På sommaren vart det gåturar. Her var det aldri snakk om dårleg vêr. Ut måtte me i all slags vêr, seier Asperheim.

– Etter at det kom klatrevegg i Årdalshallen i 1990 vat det mogleg å få klatretrening gjennom vinteren for å sikta mot litt andre mål. Slik har det blitt boke 2000-toppar i loggen. Litt brevandring har det vorte òg etter breførarkurs 1993. I mange år fylgde me turane til Årdal Turlag, og no vert det onsdagsturar med gålaget. Dei som organiserer dette gjer ein fantastisk jobb.

Ser det ikkje sjølve

Han skildrar naturen som fantastisk, men trur ikkje innbyggjarane ser det sjølve.

– Det er dei som kjem utanfrå som ser det best. Han er spesiell på den måten at startar du nede i dalen, så er det steinbratt dei fyrste 7-800 høgdemeterane eller opp til fjellstølshøgd. Deretter flatar det ut og landskapet opnar seg. Dersom du ikkje vil starta i dalbotnen, er Filefjellet, Tyin og Tyinholmen/Eidsbugarden, vår eigen Tindeveg og fjellvegen Erdal - Aurland glimrande utgangspunkt.

– Terapi for sjela

Asperheim har vore på stort sett det som er av toppar. Ja, til og med når dei er på ferie på Tenerife blir det lange gåturar. Han seier det er opplevingane han får som er drivkrafta bak.

Etter frukost å få pakka ryggsekken med heimebaka brød med brunost og termos med kaffi, det er tingen.

– Etter frukost å få pakka ryggsekken med heimebaka brød med brunost og termos med kaffi, det er tingen. Oppover og ned bakkane får sjølvsagt kroppen sin dose med trim, men drivkrafta er nok alt det fine å festa augene på, rein luft og den stillheita ein kan oppleva. Det er terapi for sjela. Karin og eg plukkar masse bær. Desse turane gjev oss masse glede og masse godt syltetøy, saft og gele.

– Ein anna drivkraft er spenninga og magasuget i noko brattare lende, gjerne med klatresele, tau og sikring. Eg likar også å sjå naturen gjennom kameralinsa. Ein tur kan av og til vera eit reint «foto-raid», fortel han.

Breitt tilbod av turar

Også han håpar spalten hans vil få folk til å trekke ut i naturen. Han lovar å skrive om både enkle og tyngre turar.

– Eg prøver å skriva om turar av ymse kategoriar, både lette og krevjande ved alle årstider for å nå fram til flest moglege. Sykkel er òg ein fin reiskap til å koma seg innover anleggsvegar som ikkje er open for motorferdsle. 

– Eg vil skildra turen eg har gått på best mogleg måte, og så må kvar enkelt vurdera om turen passar dei, og ta omsyn til vêr, føre og andre farar som kan lura bak.

Til toppen