FERSK TRENAR: Han har aldri vore trenar før, men no skal han prøve å styre Kaupanger opp att etter nedrykket.
FERSK TRENAR: Han har aldri vore trenar før, men no skal han prøve å styre Kaupanger opp att etter nedrykket.

Han skal styre Kaupanger opp att etter nedrykket

– Eg er oppvaksen på Kaupanger og har spelt der sidan eg var seks år. Eg føler at Kaupanger er meg, seier den ferske trenaren Ørjan Hjellhaug.

Kaupanger: I fjor rykka herrelaget til Kaupanger ned til 5. divisjon. Kandidatane stod ikkje akkurat i kø til å ta over skuta. Mange har blitt spurt, men svara nei.

– Når eg fekk tilbodet så var det berre ja som stod i hovudet på meg, seier Ørjan Hjellhaug, som i helga skal styre si første trening med laget.

Les også: Kretsen og Kaupanger inngår utviklingsavtale
Les også: Dei har planen klar for stor idrettspark

Han var sjølv med som spelar i nedrykksesongen. No skal han leie den same gjengen i rolla som spelande trenar. 

– Eg kjem til å vera med litt når dei treng meg. Men eg skal vera mest aktiv på sidelinja, seier Hjellhaug.

Håper å kjempe i toppen

Til dagleg jobbar han som altmoglegmann i Sogndal Fotball. Som heilt fersk i trenargamet håpar han å kunne dra nytte av kompetansen på arbeidsplassen, i tillegg til at han satsar på å kursa seg opp så snart som råd.

– Eg har eit godt miljø her i Sogndal som eg kan bruke når eg vil. I tillegg kjem eg til å ha gode folk rundt meg, sjølv om eg ikkje heilt veit kven det blir enno, seier han.

Opprykksambisjonar tykkjer han det er feil å gå ut med før han har snakka med spelarane. Likevel:

– Det var på nippen at vi ikkje rykte ned. Då skal vi no vera i toppen, tenkjer eg.

Til toppen