NYTILSETT: Jan Petter Vadheim er tilsett i Lærdal Næringsutvikling og skal spesielt jobbe med Håbakken. Vadheim kjem frå fleire ulike stillingar i Lerum, der han har jobba i 25 år. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
NYTILSETT: Jan Petter Vadheim er tilsett i Lærdal Næringsutvikling og skal spesielt jobbe med Håbakken. Vadheim kjem frå fleire ulike stillingar i Lerum, der han har jobba i 25 år. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Han skal utvikle Håbakken

Jan Petter Vadheim (53) er den nyaste tilsette i Lærdal Næringsutvikling (LNU). Han skal jobbe spesielt med å utvikle Håbakken.

Lærdal: Lærdal Næringsutvikling er i gong med å spisse omstillingsarbeidet sitt, og her vil Håbakken få ei sentral rolle. 

Då LNU søkte etter folk i januar, var det i utgangspunktet ei prosjektstilling for pilotprosjektet Levande lokale, som Porten.no skreiv om tidlegare denne veka.

Undervegs i prosessen har mellom anna Aleksander Øren Heen fått permisjon, og ytterlegare spissing i omstillingsarbeidet har ført til eit større behov. Difor vert det tilsett to personar, og ein av desse er Jan Petter Vadheim. Dei siste 25 åra har han hatt ei rekke stillingar i Lerum, mellom anna konsernsjef. No skal han jobbe med næringsutvikling i Lærdal, og fokuset hans vil spesielt rette seg mot Håbakken.

– Motivasjonen er på topp. Eg er motivert til å prøve å få til noko i Lærdal og på Håbakken, seier han til Porten.no.

NØGD: Arve Tokvam er nøgd med å ha tilsett Vadheim. Arkiv
NØGD: Arve Tokvam er nøgd med å ha tilsett Vadheim. Arkiv

– Vil passe godt inn

Vadheim fortel at han følte tida var inne for ei forandring etter 25 år i Lerum. Dagleg leiar i LNU, Arve Tokvam, er nøgd med å ha rekruttert Vadheim.

– Han har ein spennande bakgrunn med sitt nettverk og kompetanse. Når me skal kopla Håbakken mot Lærdal Grønt og grøn næringsutvikling, trur me han vil passa godt inn, seier Tokvam.

Lærdal er no halvvegs i omstillingsarbeidet, og ei spissing skal no til. I desember fullførte LNU eit moglegheitsstudium av Håbakken. Knutepunktet har stort potensiale.

– Gjennom studiet har me sett på korleis Håbakken kan utviklast for å utnytta dette potensialet. Dette gjeld funksjonar som burde vera der og kor det skal plasserast, seier han. 

Publikumsretta aktivitetar

Torsdag vedtok mellom anna kommunestyret i Lærdal å utvida planområdet for Håbakken til å inkludere pelsdyrfarmen ned mot elva. Frå før er det meste av næringsaktivitet på Håbakken knytt til transport og logistikk. Lærdal Grønt har ikkje lagt skjul på at dei ønskjer seg opp hit.

– På eit slikt knutepunkt ser ein på aktivitetar som er meir publikumsretta og gir stoppeffekt, utan at ein veit no kva det skal vera. Dette gjeld ting innan sal, opplevingar, mat og servering, seier Tokvam.

Vadheim seier det framleis er litt tidleg å seie noko konkret om korleis ein kan utnytte potensialet på Håbakken, men han er inne på dei same tankane som den nye kollegaen sin.

– Det er sjølvsagt naturleg å tenkja på å utnytta plassen med omsyn til transport og logistikk, noko som allereie er der, så er det å gjere området attraktivt for ulike næringar som kan profilere seg på ei slik plassering. Målet må vera at flest mogleg stoppar og legg att pengane på Håbakken, seier han og legg til at han kjenner godt til Lærdal Grønt og ser fram til eit samarbeid med dei.

Håpar på Hemsedalsfjellet

Ei viktig brikke for som då må på plass for å ha gode føresetnader for å lykkast er at Hemsedalsfjellet blir valt som ein av to korridorar mellom aust og vest.

– Det blir eit viktig vedtak, men eg har god tru på at det mest fornuftige for alle partar er Hemsedal, legg han til. 

Til toppen