SLUTT: I dag vart det kjent at Vidar Vie trekkjer seg frå stillinga som viseadministrerande direktør i Helse Førde. Foto: NRK.
SLUTT: I dag vart det kjent at Vidar Vie trekkjer seg frå stillinga som viseadministrerande direktør i Helse Førde. Foto: NRK.

Han sluttar i direktørjobben etter varslarsaka​

Vidar Vie (52) har vore ein del av leiinga i Helse Førde i tolv år. I dag gir han seg etter eit turbulent halvår.

Førde: Vie sluttar i stillinga som viseadministrerande direktør i Helse Førde og vert i staden spesialrådgjevar i staben til administrerande direktør.

– Det har vore spennande, utfordrande og gjevande, men også svært arbeidskrevjande. Dei siste par åra har difor tanken på å tre tilbake, og gå over til andre oppgåver, komme stadig oftare, seier Vie ifølgje ei pressemelding frå Helse Førde i dag.

Les også: Signerte millionkontrakt på nye Førde sjukehus
Les også: Rekordlåge ventetider i Helse Førde

Der vert varslarsaka nemnd som ei medverkande til at han no trekkjer seg frå direktørstillinga. I november i fjor vart det kjent at ein varslar i Helse Førde hadde klaga Vie inn til leiinga.

I eit brev til styret same månad uttrykte nær alle tillitsvalde og fagforeiningane manglande tillit til leiinga. Eit konsulentfirma vart hyra inn og i den påfølgande rapporten fekk Vie kritikk for leiarstilen. 

–​ Dei siste månadene har vore krevjande. Eg ønskte å stå i jobben til rapporten om varslarsaka og omorganiseringa blei fullført. No tenkjer eg det er rett tid for å gå til nye oppgåver, og eg ser fram til det, seier Vie.

Børge Tvedt blir inntil vidare konstituert som viseadministrerande direktør, og Anne Kristin Kleiven som direktør for stab og støtte. Tvedt er i dag direktør for psykisk helsevern i Helse Førde, Kleiven er utviklingsdirektør. Begge held fram i desse stillingane.

I pressemeldinga seier administrerande direktør Jon Bolstad at han er nøgd med at Vie held fram i Helse Førde.

–​ Han har ein imponerande arbeidskapasitet og sit på mykje kunnskap om organisasjonen som føretaket også vil ha nytte av i framtida. Det vil vere rikeleg med arbeidsoppgåver for han å ta fatt på, seier den administrerande direktøren.

Til toppen